Wilhelm Furtwängler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Furtwängler
Wilhelm Furtwängler by Emil Orlik.jpeg
Fødd25. januar 1886
FødestadSchöneberg
Død30. november 1954
DødsstadBaden-Baden
FødenamnGustav Heinrich Ernst Martin Wilhelm Furtwängler
OpphavTyskland
Sjangersymfoni
Instrumentpiano
PlateselskapEMI
Verka somkomponist, dirigent, musikar
FarAdolf Furtwängler
Gift medElisabeth Furtwängler
BornAndreas E. Furtwängler, Dagmar Bellová
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Ridder av Æreslegionen

Wilhelm Furtwängler (fødd 25. januar 1886 i Berlin, daud 30. november 1954 i Baden-Baden) var ein tysk dirigent og komponist.

Under sine tidlegare yrkesår var han tilsett i Breslau, Zürich, München (1907–09), Strassburg (1910–11), Lübeck (1911–15) og Mannheim (1915–20). Frå 1922 samarbeidde han med Wienerfilharmonikarane, Leipzigs Gewandhausorkester og Berliner Philharmoniker,  som han vart sjefsdirigent for på livtid. Han dirigerte òg ved New York Philharmonic (1925–27), Festspela i Bayreuth (1931, 1936–37) og Covent Garden (1937–38).

I 1936 gav han opp alle oppdraga sine i Tyskland i protest mot at naziregimet bannlyste Mathis der Maler av Paul Hindemith. Arturo Toscanini ville at Furtvängler skulle etterfølgje han ved New York Philharmonic men han valde å ta opp att arbeidet i Tyskland, noko som skadde karrieren hans etter krigen. 

Furtwängler vart kjend for dei frie tempovala sine og skatta tolkingar framfor alt av verk av Beethoven, Brahms og Wagner. Etter bortgangen sin har dirigenten nesten nådd kultstatus, noko ikkje minst det verdsomspennande nettverket av Furtwänglersällskap som finst i dag viser.

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Furtwängler har gjort ei uendeleg mengd opptak for grammofon. Her kjem berre eit fåtal.

  • Wagner, R. Der Ring des Nibelungen. Liveupptagning i Rom 1953. EMI CZS 7 671232 (13 CD).
  • Wagner, R. Der Ring des Nibelungen. Liveupptagning från La Scala, Milano 1950. Opera d'Oro OPD 1501 (14 CD).
  • Wagner, R., Tristan und Isolde. Philharmonia Orchestra. EMI 7243 5 67621 21 (4CD).
  • Wagner, R., Die Walküre. Wiener Philarmoniker. EMI CHS 7 63045 2. (3 CD).
  • Beethoven, L. van, Fidelio. Live Salzburg 1950. EMI CHS 7 64901 2. (2 CD).
  • Brahms, J., Wilhelm Furtwängler conducts Brahms. Music& Arts CD-4941(4). (4 CD).
  • Beethoven, L. van, The 9 symphonies. EMI 7243 5 67496 2 7 (5 CD).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pirie, P., Furtwängler and the art of conducting. London: Duckworth, 1980. S. 131-144: Discography. ISBN 0-7156-1486-X.
  • Åstrand, H. (red). Sohlmans musiklexikon. 2., rev. och utökade uppl. Stockholm: Sohlman, 1976. 3. Fuga-Kammar. S. 25-27. ISBN 91-7198-023-7.
  • Taking Sides 
  • Thielemann, Christian, My Life with Wagner. New York: Pegasus Books LLC 2016.