Wilhelm Furtwängler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Furtwängler

Fødd25. januar 1886
FødestadSchöneberg
Død30. november 1954 (68 år)
DødsstadBaden-Baden
FødenamnGustav Heinrich Ernst Martin Wilhelm Furtwängler
OpphavTyskland
Aktiv1906–1954, 1954
Sjangersymfoni
Instrumentpiano
PlateselskapEMI
Verka somklassisk komponist, dirigent, komponist
MorAdelheid Furtwängler
FarAdolf Furtwängler, Philipp Furtwängler
Gift medElisabeth Furtwängler
BornAndreas E. Furtwängler, Dagmar Bellová
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Ridder av Æreslegionen, Goethe-medaljen for kunst og vitenskap, Pour le Mérite

Wilhelm Furtwängler (fødd 25. januar 1886 i Berlin, daud 30. november 1954 i Baden-Baden) var ein tysk dirigent og komponist.

Under sine tidlegare yrkesår var han tilsett i Breslau, Zürich, München (1907–09), Strassburg (1910–11), Lübeck (1911–15) og Mannheim (1915–20). Frå 1922 samarbeidde han med Wienerfilharmonikarane, Leipzigs Gewandhausorkester og Berliner Philharmoniker,  som han vart sjefsdirigent for på livstid. Han dirigerte òg ved New York Philharmonic (1925–27), Festspela i Bayreuth (1931, 1936–37) og Covent Garden (1937–38).

I 1936 gav han opp alle oppdraga sine i Tyskland i protest mot at naziregimet bannlyste Mathis der Maler av Paul Hindemith. Arturo Toscanini ville at Furtvängler skulle etterfølgje han ved New York Philharmonic men han valde å ta opp att arbeidet i Tyskland, noko som skadde karrieren hans etter krigen. 

Furtwängler vart kjend for dei frie tempovala sine og skatta tolkingar framfor alt av verk av Beethoven, Brahms og Wagner. Etter bortgangen sin har dirigenten nesten nådd kultstatus, noko ikkje minst det verdsomspennande nettverket av Furtwänglersällskap som finst i dag viser.

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Furtwängler har gjort ei stor mengd opptak for grammofon. Her kjem berre eit fåtal.

  • Wagner, R. Der Ring des Nibelungen. Liveupptagning i Rom 1953. EMI CZS 7 671232 (13 CD).
  • Wagner, R. Der Ring des Nibelungen. Liveupptagning från La Scala, Milano 1950. Opera d'Oro OPD 1501 (14 CD).
  • Wagner, R., Tristan und Isolde. Philharmonia Orchestra. EMI 7243 5 67621 21 (4CD).
  • Wagner, R., Die Walküre. Wiener Philarmoniker. EMI CHS 7 63045 2. (3 CD).
  • Beethoven, L. van, Fidelio. Live Salzburg 1950. EMI CHS 7 64901 2. (2 CD).
  • Brahms, J., Wilhelm Furtwängler conducts Brahms. Music& Arts CD-4941(4). (4 CD).
  • Beethoven, L. van, The 9 symphonies. EMI 7243 5 67496 2 7 (5 CD).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Furtwängler» frå Wikipedia på svensk, den 29. august 2018.
  • Pirie, P., Furtwängler and the art of conducting. London: Duckworth, 1980. S. 131-144: Discography. ISBN 0-7156-1486-X.
  • Åstrand, H. (red). Sohlmans musiklexikon. 2., rev. och utökade uppl. Stockholm: Sohlman, 1976. 3. Fuga-Kammar. S. 25-27. ISBN 91-7198-023-7.
  • Taking Sides 
  • Thielemann, Christian, My Life with Wagner. New York: Pegasus Books LLC 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wilhelm Furtwängler