Wilhelm Maximilian Carpelan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Maximilian Carpelan

Statsborgarskap Noreg, Sverige, Finland
Fødd 7. januar 1787
Lojo kommune, Lojo
Død

19. mai 1830 (43 år)
Stockholm

Yrke militær, teiknar, grafikar, kartograf, kunstmålar
Språk norsk
Wilhelm Maximilian Carpelan på Commons
Kart over området kring Stockholm av W.M. Carpelan 1817

Wilhelm Maximilian Carpelan (fødd 7. januar 1787 i Koivisto Heikkilä i Töfsala i Finland, død 19. mai 1830 i Stockholm) var ein finskfødd svensk offiser, teiknar, landmålar og kartograf.[1][2] Han deltok mellom anna ved bygginga av Göta kanal og ved beleiringa av Fredrikshald i 1814.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Carpelan var adjutant hos den svenske statthaldaren Johan August Sandels i Noreg 1819–24.[3] Carpelan vart då følgje for Sandels på alle tjenestereiser og møte i Noreg, særskilt viktig var reisa frå Christiania til Bergen somaren 1819. Den første turen over fjellet gjorde han åleine for å inspisere vegen, seinare på somaren reiste han saman med Sandels. I Bergen møtte dei mellom andre Wilhelm Frimann Koren Christie, medan dei i Eivindvik tok inn hos den legendariske presten Niels Griis Alstrup Dahl. Carpelan laga kart og gjorde høgdemålingar med barometer, og fastslo i samarbeid med Christopher Hansteen geografiske posisjonar med hjelp av klokke og sekstant.[4]

Midsommarsdagen 1819, tidigt om morgonen, besteg jag första gongen denna höjd, och innan högste punkten af vägen upnåddes, gikk solen up i majestätisk glans bakom de höga Hurrungtinderne, och spridde et i många färger skiftadt ljus öfver dessa ödsliga trakter. Luften var kyligt og något fuktig, lik den i början af April månad i medlersta Sverige. Blott några lätta skyar simmade i rymden, hvilka snart skingrades af solstrålarna. Under fötterna, vid sidan af den glänsande Uttra-sjön, låg Nystuen ännu dunkel. Bergen på andra sidan dalen, och högst deribland Stugu-fjellet, stodo likt mörka vålnader med ljusa fläckar af snö. I et blåndande djup syntes Skougstad-dalen, hvarmed fjellsträckens östra massor sammansmälte. Under Hurrungernes tinner låg et täcke af dimmor, förmodligen upstigna ur Bygdin-sjön. Några resande bönder, som från Valdres vandrade til Leirdalsören för at handla, gafvo lit åt min närmaste omgifning.

Carpelan på Murklopphøgda
(Messel:Oppdagelsen av fjellet. s.16)[5]
Ramlösa brønn, akvatintetsing (1823) etter teikning av Carpelan (1816)

På reisene i Noreg laga Carpelan landskapsskildringar i teikning, olje og akvarell, som resulterte i plansjehefta Voyage pittoresque aux alpes norvégiennes (Pittoresk resa i de norska fjällen, 1821–23).[6] Dette blir rekna som hans viktigaste verk. Carpelan og hans samtidige Johannes Flintoe laga på sine reiser over Filefjell dei første kjente bileta av fjella som i dag er kjende som Jotunheimen.[5][7] Carpelan reiste langs den første køyrevegen over Filefjell der denne mellom Nystuen og Maristova gjekk over Murklopphøgda (Murklopphaugen) - ikkje nede langs Smedalsvatnet som i dag. Frå Murklopphøgda fekk dei reisande vidt utsyn mellom anna mot Nystuen og mot Jotunheimen i det fjerne.

Kongevegen over Filefjell sett frå Murklopphøgda mot Nystuen og Støgunose

Desse indre fjellområda var til då nesten ukjente for andre enn bøndene i distriktet.[1] Han er også representert i Christian Tønsbergs Norge fremstillet i Tegninger. Nasjonalbiblioteket har ein kopi av Voyage pittoresque. Carpelan og Flintoe hadde eit visst kunstnerisk samarbeid, mellom anna lærte Flintoe akvatintetsing av Carpelan. Flintoe er dessuten kreditert for førelegget til nokre av plansjane i Voyage pittoresque aux alpes norvegiennes. I tillegg til Flintoe samarbeida Carpelan med forskarane Christopher Hansteen og Baltazar Mathias Keilhau. Til dømes teikna Carpelan etter Keilhaus skisser og Keilhaus private album inneheld originalteikninger laga av Carpelan.[1]

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Teikningane og akvarellane til Carpelan og Flintoe vart først stilte ut i Christiania i 1820. Denne utstillinga var «banebrytende for å åpne befolkningens øyne for nasjonens naturskjønnhet» i følgje hovudoppgava til Ingrid Danbolt.[1] Bileta på denne utstillinga viste «Landets egentlige charateristiske skjönne Fjeld- og Alpenatur» og de «vildeste og mest maleriske Fjeldenge» i område som var «hidtil saa lidet bekjendte Enge».[5] Om eit av Carpelans bilete på utstillingen i 1820 skreiv til dømes Hans Linstow: «Vandfaldet ved Bergshoug i Vos, et af de fuldkommenste med smukke Omgivelser prydede Fald. Dets Höide er omtrent 120 til 130 Fod. Gjæstgivergaarden Bergshoug ligger strax ovenfor Faldet.»[8] Mens nasjonalromantikaren I.C. Dahl blir omtala som den første norske målaren, blir den «førromantiske» Carpelan i kunsthistorisk samanheng rekna som «oppdagaren» av høgfjella og Telemark.[1]

I 1824 reiste Carpelan attende til Sverige og ei stilling i det militære. Han hadde då avansert til oberstløytnant i hæren. I 1826 fekk han oppdraget med å organisere og leie ingeniørkorpsets graveringskontor for kart, herunder å trykke opp kart over Sverige i målestokken 1:100.000. Han gav også ut eit nytt kart over Noreg i målestokken 1:800.000; det var ei stor forbetring frå Christian Jochum Pontoppidans kart frå 1785. Carpelan viste uvanleg talent som kartograf og delar av hans grunnlagsarbeid blir fortsatt brukt i Sverige.[4] Han laga også oljemåleri, men desse er forsvunne. Eitt år før han døydde vart han teken opp i Kungliga Krigsvetenskapsakademien. Dødsårsaka er oppgitt som tæring, men kan i staden ha vore forgifting frå kjemikaliar brukt i akvatintetsing.[1]

I 2012 vart plansjar og akvarellar av Carpelans utstilt i Nasjonalmuseet som del av utstillinga «Utsikter. Norge sett fra veien 1733–2020».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Danbolt, Ingrid Fuglerud (2009): En offiser og kunstner i de norske fjell. Masteroppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Oslo, Humanistisk fakultet.
  2. Svensk biografisk leksikon http://www.nad.riksarkivet.se/sbl/Presentation.aspx?id=16470[daud lenkje]
  3. http://snl.no/Wilhelm_Maximilian_Carpelan
  4. 4,0 4,1 http://www.nad.riksarkivet.se/sbl/Presentation.aspx?id=16470[daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 5,2 Messel, Nils (red.). (2008). Oppdagelsen av fjellet. Oslo: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
  6. Carpeland, W.M. (1821): Voyage pittoresque aux alpes norvegiennes. 3 plansjehefter, utgitt i Stockholm.
  7. Slagstad, Rune (2008). (Sporten). En idéhistorisk studie. Oslo: Pax forlag.
  8. Danbolt si hovudoppgåve siterer her H.D.F. Linstow, Forteegnelse over endeel, saavel af indenlandske, som fremmede og ældre Forfattere frembragte, Kunstarbeider, som paa Foranstaltning af bestyrelsen for den midlertidige offentlige Tegneskole findes udstillede i Hr Sommers Gaard i Christiania den 8de Mai 1820 og fölgende Dage, (Christiania: Jacob Lehmann, 1820), 12.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]