Wilhelm Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Mohr
Fødd 11. august 1886
Fana kommune
Død

29. august 1978

Yrke politikar

Wilhelm Mohr (11. august 188629. august 1978) var ein norsk godseigar og politikar frå Fana i Hordaland. Han var far til Wilhelm Mohr og bror til Anton Mohr.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mohr var son til Conrad Mohr, ein rik kjøpmann frå Bergen. Han voks opp på storgarden Storetveit, som far hans hadde kjøpt, i dåverande Fana herad. Etter nokre år ved latinskulen i Bergen vart han 13 år gammal send til England og seinare Tyskland, for å fullføre skulegangen. Deretter var han landbrukselev i Sverige, før han i 1906 tok landbruksskule-eksamen på Sem i Asker og i 1907 hospiterte ved Noregs Landbrukshøgskule.

Sidan 1908 dreiv Mohr storgarden Storetveit i Fana, kalla «Godseier» i 1910. Han skreiv i mange år ei rad artiklar om landbruk i aviser og tidsskrift. Frå 1919 var han formann i Bergens Skogselskap.

Mohr var medlem av Fana heradsstyre frå 1914, ordførar frå 1926 til 1931. Stortingsbolken 1919-21 var han stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Midthordland, vald på eit program for Landmandsforbundet. Den neste tingbolken, 1922-24, representerte han Høgre i Hordaland. Han braut såleis med dei medrepresentantane som danna Bondepartiet. Etter å ha vore ute av Tinget i to valperiodar, var han på ny stortingsrepresentant for Hordaland og Høgre i tida 1931–33.

Mohr var medlem av Noregs Banks representantskap frå 1923, styremedlem i Bergen Museum frå 1928 og preses same stad frå 1936. Han var styreformann for Stend landbruksskule og medlem i representantskapet til Selskabet for Norges Vel. Han arbeidde aktivt for å få opprette Universitetet i Bergen og var formann i Bergens Universitetskomite 1938-39 og sidan i byggekomiteen.