Wilhelm Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Nielsen
Fødd 4. januar 1816
Holmestrand kommune
Død

4. februar 1889
Kragerø kommune

Yrke politikar, jurist

Wilhelm Nielsen (4. januar 18164. februar 1889) var ein norsk embets- og stortingsmann frå Holmestrand. Han var far til Godske Nielsen.

Wilhelm Nielsen var son til ein skipper. Sjølv gjekk han skulevegen og vart student i 1834 og cand.jur. i 1840. Sidan var han fullmektig ved Jarlsberg «overbirkeret» og deretter ved Jarlsberg sorenskriveri. Frå 1846 var han underrettsprokurator i Holmestrand til han i 1859 fekk stillinga som byfut. Til sist var han sorenskrivar i Bamble frå 1866.

Nielsen var ordførar i Holmestrand i 1858-59. Han representerte Holmestrand på Stortinget i 1857 og på Omframtstortinget 1858, på stortinga 1959-60 og 1862-63 og på Omframtstortinget 1864. I 1857 var han medlem i Justiskomite nr 1, 1859-60 i Desisjonskomiteen og 1862-63 i Bankkomiteen. Heile perioden 1862-64 var han medlem av Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]