Wilhelm Suhrke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Suhrke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. november 1863
Halden kommune
Død

10. mai 1950 (86 år)

Yrke politikar, arkitekt
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Wilhelm Suhrke på Commons

Wilhelm Christian Suhrke (2. november 186310. mai 1950) var ein norsk arkitekt og politikar frå Halden. Han representerte partiet HøgreStortinget i to åtskilde treårsbolkar.

Suhrke var son til ein tyskfødd arkitekt og byggmeister. Etter han i 1882 var utdanna i byggfag ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, studerte han ved Hannover polytekniske skule til 1886. Frå 1892 leidde han byggfirmaet til faren i heimbyen Halden.

Skihytta på Høiås er frå 1902

Arkitekt Suhrke er kjend for å ha teikna Halden Arbeidersamfund si bygning frå 1891, skihytta Høiåshytta tilhøyrande Halden Skiklubb frå 1902, og Halden Bad frå 1932 som er prega av stilretninga funksjonalismen. Sjølv budde Suhrke i ein lafta villa i drakestil, bygt i 1901.

Frå 1902 var Suhrke medlem i Halden bystyre. Perioden 1903-06 var han stortingsmann frå einmannskrinsen Fredrikshald, medlem av Budsjettkomitéen. Ved stortingsvalet 1906 nådde han ikkje opp, men lukkast kome tilbake på Tinget for perioden 1910-12, då medlem i Konstitusjonskomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]