Wilhelm Tell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Tell

Wilhelm Tell er helten i ei segn frå Alpane. Segna fortel at futen i Altdorf hengde hatten sin på ein stake og baud folk å bøye seg for hatten. Bonden Wilhelm Tell nekta å gjere dette. Futen tvinga då han då til å skyte eit eple av hovudet på den vesle sonen sin. Wilhelm Tell tok to piler frå koggeret og skaut eplet av hovudet til guten med armbrøstet sitt. Då Wilhelm Tell vart spurt kvifor han hadde to piler, sa han at den andre pila var til å skyte futen dersom han ikkje hadde lukkast, og sonen hadde vorten drepen. Segna om Wilhelm Tell har ei rekkje nærskylde soger, mellom anna i dei eldre nordiske segnene om Heming Unge, og det er ingen klåre prov på at personen Wilhelm Tell verkeleg har eksistert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]