Wilhelm Uhde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Uhde portrettert av målaren Helmut Kolle i 1930.

Wilhelm Uhde (28. oktober 187417. august 1947) var ein tysk kunsthandlar, kunstsamlar og kunstkritikar som vart fødd i det som då var Friedeberg i Aust-Preussen, no Strzelce Krajeńskie i Polen, og døydde i Paris i Frankrike. Han hadde levd og virka størsteparten av det yrkesaktive livet i Frankrike, og på ein avgjerande måte gjort seg gjeldande i den franske kunstverda på byrjinga av 1900-talet.

Wilhelm Uhde hadde studert rettsvitskap i Tyskland og i Sveits før han reiste til Italia i 1899, der han egna seg åt kunsthistoriske studium, særleg i Firenze, og skreiv sine fyrste romanar og artiklar med estetiske tema. 1904 busette han seg i Paris, der han kjøpte verk av Pablo Picasso og Georges Braque, som på denne tida var ukjende kunstnarar, og opna eit kunstgalleri i bydelen Montparnasse. Han gjorde òg sitt til at den såkalla naive eller naivistiske målarkunsten (la peinture naïve), særleg verka av Henri Rousseau, vart offentleg godteke og kjende, og skipa til ei utstilling av Rousseaus målarstykke i 1909. I 1911 gav ha ut den fyrste monografien om Rousseau.

I 1912 busette Wilhelm Uhde seg i Senlis, og vart då kjend med verka til den naivistiske kunstnaren Séraphine Louis, som han støtta og sytte for vart kjend i Paris. Men som fylgje av utbrotet av den fyrste verdskrigen måtte han i all hast reise frå Frankrike, ettersom han var statsborgar av ein fiendtleg nasjon, og alt han hadde av eignelutar i Senlis, inklusive målarstykke av Séraphine Louis, måtte etterlatast og vart spreidd for alle vindar. Dei fine samlingane han hadde andre stader, mellom anna tolv bilete av Picasso og 20 av Braque, vart konfiskert av den franske staten og seld på auksjon 31. mai 1921.

Under Weimarrepublikken i Tyskland kjempa han for pasifisme og engasjerte seg i somme ungdomsrørsler. Men det vart utoleleg for han å verte verande i landet, og han reiste attende til Frankrike i 1924. No tok han til å samle på måleri av dei han kalla « primitifs modernes » (dei moderne primitive). Han tok i denne samanhangen opp att kontakten med Séraphine Louis i samband med at han så hennar verk på ei utstilling med lokale kunstnarar i Senlis etter at han hadde busett seg i Chantilly i Oise i 1927, og støtta ho økonomisk. I 1929 skipa han til ei utstilling med verk av «dei moderne primitive» under namnet Les Peintres du Cœur sacré, og ei ny utstilling i 1932 under namnet Les Primitifs modernes (same året som Séraphine Louis vart lagd inn på psykiatrisk sjukehus og slutta å måle).

Wilhelm Uhde og den russisk-franske kunstmålerinna Sonia Terk hadde gifta seg i 1908, men ekteskapet vart oppløyst etter stutt tid, og Sonia Terk gifta seg deretter med kunstnaren Robert Delaunay. I 1917 vart Wilhelm Uhde kjend med kunstmålaren Helmut Kolle, og han vart hans partnar.

Wilhelm Uhde vart fråteke sitt tyske statsborgarskap rett før utbrotet av den andre verdskrigen som fylgje av sine pasifistiske haldningar og skrifter, og av di han hadde skrive om kunstmålarar som Tyskland under IIIe Reich klassifiserte som «degenererte». Han vart forfølgd av Gestapo, men lukkast i å skjule seg i Saint-Lary i Gers i Midi-Pyrénées, der han særleg var verna av motstandsmannen, forfattaren og kunstkritikaren Jean Cassou. Wilhelm Uhde døydde i Paris 72 år gamal, og vart jordfesta på gravplassen cimetière du Montparnasse i denne byen.