Wilhelm Wilhelmsen (1839–1910)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Wilhelmsen

Fødd12. juli 1839
Tønsberg
Død16. november 1910 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkereiar
BarnWilhelm Wilhelmsen, Halfdan Wilhelmsen
Alle verv
  • ordførar i Tønsberg Sjå dette på Wikidata

Morten Wilhelm Wilhelmsen, eller berre Wilh. Wilhelmsen (fødd 12. juli 1839 i Tønsberg, død 1910) var ein norsk skipsreiar, konsul og ordførar.

Wilh. Wilhelmsen grunnla i 1861 skipsmeklarfirmaet Wilh. Wilhelmsen. I 1865 vart barken «Mathilde» innkjøpt og starten på det som seinare skulle bli det største reiarlaget i Noreg var eit faktum. I 1886 hadde Wilh. Wilhelmsen vorte den største skipsreiaren i Tønsberg.

Wilh. Wilhelmsen var ordførar i Tønsberg i 1894.

Han vart i 1895 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han vart òg tildelt den franske Æreslegionen.

Han var far til skipsreiarane Wilhelm Wilhelmsen og Halfdan Wilhelmsen som var blant pionérane i overgangen frå seglskip til dampskip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]