Wilhelm von Humboldt
Karl Wilhelm von Humboldt (22. juni 1767–8. april 1835) var ein liberal prøyssisk politikar, embetsmann, diplomat, filosof og grunnleggjar av Humboldt-Universität zu Berlin, som vart forbilde for seinare europeiske universitet, og var ein venn av Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller som særleg er hugsa som ein leiande tysk lingvist, som introduserte kunnskap om det baskiske språket til europeiske intellektuelle. Den yngre broren hans Alexander von Humboldt var ein kjend naturvitskapsmann.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Far til Wilhelm von Humboldt, Alexander Georg, stamma frå Pommern og var ein prøyssisk offiser som for innsatsen sin under sjuårskrigen vart utnemnd til kammerherre for kronprinsen. Han gifta seg i 1766 med enkja Marie Elizabeth von Holwede, fødd Colomb, dotter av ein velståande hugenottisk familie.
Filosof
[endre | endre wikiteksten]Wilhelm von Humboldt var allereie ein anerkjend tenkjar då han i 1792 gav ut boka Ideen zu einem Versuch, die Grenzen der Wirksamkeit des Staats zu bestimmen, eit forsvar for fridomsomgrepa i den europeiske opplysingstida, som på mange måtar var føre si tid. Boka skildra utviklinga av liberalismen og rolla til fridommen i den personlege utviklinga til den einskilde og strevet hans etter det perfekte.
Som prøyssisk undervisningsminister stod Humboldt for eit system av Technische Hochschulen (tekniske høgskular) og gymnasium, som gjorde Preussen og det etterfølgjande tyske keisarriket til i ein periode den sterkaste kontinentaleuropeiske makta og ein leiar innanfor vitskapen.
Diplomat
[endre | endre wikiteksten]I perioden 1802 til 1819 arbeidde Humboldt som prøyssisk diplomat, først i Roma frå 1802 til 1812 og deretter i Wien frå 1812. I Praha i 1813 var han ein avgjerande aktør for å få Austerrike til å alliera seg med Preussen og Russland mot Napoleons Frankrike. I 1815 i Paris var han medunderskrivar av fredsavtalen mellom Preussen og det overvunne Sachsen, og ein aktiv deltakar i handsaminga av det postnapoleonske Tyskland. I 1818 deltok han i Aachenkongressen, som avgjorde lagnaden til Frankrike etter Napoleon. Likevel fekk dei meir og meir reaksjonære regjeringane i Preussen Humboldt til å avslutte den politiske verksemda si i 1818 for deretter utelukkande å arbeide med litteratur og vitskap.
Lingvist
[endre | endre wikiteksten]
Wilhelm von Humboldt var ein framifrå lingvist som omsette Pindar og Aischylos frå gammalgresk til tysk og gjorde pionerarbeid med studiar av baskisk.
Arbeidet hans i baskisk filologi er dei av dei vitskaplege arbeida hans som har halde seg best. Eit besøk i Baskarland førte i 1821 til boka Prüfung der Untersuchungen über die Urbewohner Hispaniens vermittelst der vaskischen Sprache (‘Undersøking av opphavlege bebuarar av Spania ved hjelp av baskisk’), der han ved ei samanlikning av geografiske stadnamn prøvde å visa at eit folk som hadde brukt eit språk i slekt med baskisk ein gong hadde budd i heile Spania, det sørlegare Frankrike og dei baleariske øyane. Dette folket identifiserte han med iberarar nemnde i klassisk litteratur, og vidare argumenterte han for at dei hadde vore allierte med berbarane frå Nord-Afrika. Von Humbolds konklusjonar har sidan vorte delvis tilbakevist av moderne språkforsking og arkeologi, men det var eit pionerarbeid for si tid.
Von Humboldt rakk ikkje å gjere ferdig det ambisiøse prosjektet sitt med ei undersøking av språket kawa, snakka på Java, men ein introduksjon vart publisert posthumt i 1836 som Über die Verschiedenheit des menschlichen Sprachbaus und seinen Einfluss auf die geistige Entwicklung des Menschengeschlechts (‘Språkets ulikheit og innverknaden det har på den intellektuelle utviklinga til mennesket’).
Von Humboldt har fått æra som den første lingvisten som vurderte menneskets språk som eit regelbasert system i staden for som berre ei samling av ord og frasar med ulike meiningar, m.a. har Noam Chomsky brukt Humbolds for å presentere førstrukturalistiske røter for si eiga tenking. Humboldt er også tilskriven æra for (i arbeidet om kawa) å vera den første til å postulera ein lingvistisk relativitetshypotese (betre kjend som Sapir-Whorf-hypotesen), nesten eit hundreår før Edward Sapir og Benjamin Whorf.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- 1787-1790. Sokrates und Platon über die Gottheit
- 1792. Ideen zu einem Versuch, die Grenzen der Wirksamkeit des Staates zu bestimmen
- 1794. Über den Geschlechtsunterschied
- 1795. Über männliche und weibliche Form
- 1797. Plan einer vergleichenden Anthropologie
- 1797. Das achtzehnte Jahrhundert
- 1799. Ästhetische Versuche I. – Über Goethe's Hermann und Dorothea
- 1806. Latium und Hellas
- 1807-1808. Geschichte des Verfalls und Untergangs der griechischen Freistaaten
- 1816. Pindars "Olympische Oden". Omsett frå gresk.
- 1816. Aischylos' "Agamemnon". Omsett frå gresk.
- 1820. Über das vergleichende Sprachstudium in Beziehung auf die verschiedenen Epochen der Sprachentwicklung
- 1821. Über die Aufgabe des Geschichtsschreibers
- 1821. Prüfung der Untersuchungen über die Urbewohner Hispaniens vermittelst der vaskischen Sprache
- 1822. Über die Entstehung der grammatischen Formen und ihren Einfluss auf die Ideenentwicklung
- 1824. Über die Buchstabenschrift und ihren Zusammenhang mit dem Sprachbau
- 1826. Bhagavad-Gitá
- 1827. Über den Dualis
- 1828. Über die Sprache der Südseeinseln
- 1830. Über Schiller und den Gang seiner Geistesentwicklung
- 1830. Rezension von Goethes Zweitem römischem Aufenthalt
- 1836. Über die Verschiedenheit des menschlichen Sprachbaus und seinen Einfluss auf die geistige Entwicklung des Menschengeschlechts
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm von Humboldt» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2025.