Wilhelm von Schadow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm von Schadow
Wilhelm von Schadow.jpg
Fødd 6. september 1788
Berlin
Død

19. mars 1862
Düsseldorf

Yrke kunstmålar, universitetslærar, kunstnar

Friedrich Wilhelm von Schadow (6. september 178819. mars 1862) var ein tysk målar frå Berlin, som for det meste måla religiøse monumental-bilete i akademisk-klassisistisk stil. Han var gjennom tre tiår den leiande representanten for den såkalla Düsseldorfskulen, då han var direktør for Kunstakademie Düsseldorf frå 1826 til 1859. Bilethoggaren Johann Gottfried Schadow var far hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Schadow, teikning frå 1821
Josef i fangenskap, 1816-17
Detalj frå Dei kloke og dei tåpelege jomfruene, 1838-42

Schadow deltok i 1806-07 som soldat i napoleonskrigane. Frå 1808 til -11 studerte han ved Berliner Kunstakademie. Saman med storebroren Rudolph reiste han i 1811 til Roma. Der slutta han seg til krinsen av nazarenarar, og vart snart ein av dei leiande i miljøet.

Til liks med Friedrich Overbeck, og andre, konverterte han frå den lutheranske protestantismen til katolisismen. Han hevda mellom anna at ein kunstnar må tru og på same tid leve seg inn i sanninga i dei motiva han skal måle. Saman med kollegaene Peter von Cornelius, Overbeck og Philipp Veit fekk han av den prøyssiske handelsmagnaten Jakob Salomon Bartholdy i oppdrag å smykke ut eit rom i huset hans på Pincio-åsen. Oppdraget gjekk ut på å måle ein freske over temaet Josef og brørne hans. To av scenene fekk Schadow ansvar for, høvesvis Den blodige katten og Josef i fangenskap.

I 1819 fekk Schadow stilling som professor ved kunstakademiet i heimbyen Berlin. Hans grundige undervisning og evner som lærar gjorde at han fekk mange flinke elevar. Særleg i dei komande åra utvikla han sine måleri retta mot utsmykking av kyrkjerommet.

Schadow vart så i 1826 tilsett som direktør for Düsseldorf kunstakademi, ein læreinstitusjon som frå då av orienterte seg mot å forbetre den kristne kunsten. Det heile starta elles med langvarig strid mellom Schadow og ein av professorane, Heinrich Christoph Kolbe, ein strid som enda med at sistnemnde forlet akademiet i 1832. Schadow måla i 1835 Kristus på veg mot Emmaus, medan han heldt på i fire år med det storfelte, allegoriske Dei kloke og dei tåpelege jomfruene.

Schadows ry kviler meir på den kunstskulen han danna, enn hans eigne kunstverk. Hans lange virke i Düsseldorf slutta med ein reaksjon mot den åndelege og prestelege stilen han hadde etablert. I 1859 tvinga ei gruppe av naturalistisk-orienterte målar han bort frå lærestolen.

Wilhelm Schadow døydde i Düsseldorf i 1862. Seinare vart reist eit monument i byen, til minne om den rolla han spela som leiar for kunstakademiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wilhelm von Schadow