Will Claye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Will Claye


Statsborgarskap USA, Sierra Leone
Fødd 13. juni 1991 (32 år)
Phoenix
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Lengdehopp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tresteg herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg menn

Will Claye (fødd 13. juni 1991) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Phoenix i Arizona. Han har tevla i lengdehopp og tresteghopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Claye vart tredjemann i tresteghopp og niandemann i lengde ved verdsmeisterskapen i 2011. I 2012 vann han trestegtevlinga ved hall-VM i Istanbul, medan han under Sommar-OL i London sikra seg bronsen i lengdehopp og deretter sølvmedaljen i tresteghopp. Sidan vart Claye i tresteghopp nummer tre i VM 2013 og nummer to både i OL 2016 og VM 2017. Alle tre gongane han sikra seg sølvmedalje i tresteg, var det landsmannen Christian Taylor som fór avgarde med gullmedaljen. Sjølv vann Claye i byrjinga av mars 2018 trestegtevlinga i hall-VM for andre gong, ei tevling som fann stad i Birmingham i Storbritannia.

Den 29. juni 2019 forbetra Claye i Long Beach den personlege rekorden i tresteghopp til 18,14 meter, einast Christian Taylor og verdsrekordhaldar Jonathan Edwards har hoppa lengre. Clayes personbeste i lengdehopp på 8,29 meter er frå 2011-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje i tresteg – 17,50 m. Nr 9 i lengde – 8,10 m
  • OL 2012 i London: Sølv i tresteg – 17,62 m. Bronse i lengde – 8,12 m
  • VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje i tresteg – 17,52 m
  • VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa i tresteg (16,41 m=nr 19)
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølv i tresteg – 17,76 m, bakom Christian Taylor (17,86 m)
  • VM 2017 i London: Sølv i tresteg – 17,63, bakom Christian Taylor (17,68 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]