Will You Still Love Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Will You Still Love Me?)
Hopp til navigering Hopp til søk
Will You Still Love Me?
Singel av Chicago
frå albumet Chicago 18
B-side «25 or 6 to 4» (1986)
Utgjeve Oktober 1986
Sjanger Rock
Lengd 5:44 (album), 4:12 (singel)
Selskap Full Moon/Warner Bros.
Låtskrivar(ar) David Foster, Tom Keane, Richard Baskin
Produsent David Foster
Chicago-kronologi
25 or 6 to 4 /
One More Day
(1986)
Will You Still Love Me? If She Would Have Been Faithful...
(1987)


«Will You Still Love Me?» er ein song skriven av David Foster, Tom Keane og Richard Baskin for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago 18 (1986). Det var den andre singelen frå albumet og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista tidleg i 1987 og andreplassen på Adult Contemporary-lista.[1]

Songen var den første hitten til Chicago på topp 10 i USA etter Peter Cetera slutta i bandet og vart sungen av den nye songaren og bassisten Jason Scheff. Ein av låtskrivarane, Tom Keane, hadde tidlegare vore frontmann i 80-talsbandet Keane, der Jason Scheff spelte bass.

I 2003 spelte jazzgruppa Urban Knights, leia av pianisten Ramsey Lewis, songen med vokal av Michelle Williams (Destiny's Child).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 55.