Willan Nunatak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°39′13.7″S 60°16′32″W
Willan Nunatak
nunatak
Willan-Nunatak.jpg
Utsyn frå Willan Nunatak mot Huntressbreen, False Bay, med Deceptionøya i bakgrunnen.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Livingston Island
 - høgd 449 moh.
 - koordinatar 62°39′13.7″S 60°16′32″W
Administrert under Antarktistraktaten

Willan Nunatak
62°39′14″ S 60°16′32″ W
Willan Nunatak is located in Antarktis
Willan Nunatak (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Willan Nunatak er ein isfri fjelltopp med ei høgd opp mot 449 moh på isskiljet mellom Huntressbreen og Balkan snømarkHurd Peninsula aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Han er knytt til Burdick South Peak i nordaust via Willan Saddle og, via Castillo Nunatak og Charrúa Gap til Charrúa Ridge i vest.

Nunataken er kalla opp etter den britiske geologen Robert Charles Richard Willan som undersøkte området.

Fjellet ligg 890 m aust for Castillo Nunatak, 4,66 km aust-søraust for Sinemorets Hill, 2,36 km sør-sørvest for Burdick Peak, 2,48 km vest-sørvest for Pliska Peak, 4,96 km vest-nordvest for Mount Friesland, 4,63 km nord-nordvest for Stambolov Crag og 3,21 km nordaust for Napier Peak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]