Willemitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willemitt
Willemite 2 w- franklinite zinc orthosilicate Franklin Sussex County New Jersey 1901.jpg
Willemitt med franklinitt frå New Jersey
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelZn2SiO4
Strunz-klassifisering09.AA.05
VIII/A.01-20
Dana-klassifisering51.1.1.2
Identifikasjon
FargeFargelaus til kvit, grå, kjøtraud, mørkebrun, honninggul, eplegrøn, blå
KrystallformTrådaktig, botryoidal til massive
KrystallsystemTrigonal romboeder 33
Kløyv{0001}, {1120} - uperfekt
BrotUjamn til muslig
Mohs hardleiksskala5.5
Glansglasaktig til harpiksaktig
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3.9 - 4.2
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 1.691 - 1.694 nε = 1.719 - 1.725
Dobbeltbrytingδ = 0.028
Andre eigenskaparKraftig fluorescerande - kan vere fosforescerande
Kjelder[1][2][3]

Willemitt er eit mineral, eit trigonalt sinksilikat, Zn2SiO4. Det er kvitt eller i ulike nyansar av gult, grønt, raudt eller brunt. På grunn av eit mindre manganinnhald viser det ofte sterk gulgrøn fluorescens under ultrafiolett ljos. Mineralet har tyding som sinkmalm ved Franklin og Sterling Hill i New Jersey i USA.

Det vart oppdaga i 1830 og kalla opp etter Vilhelm I av Nederland.[3]

Blå willemitt skal vere funne som eit sjeldant mineral på kontaktførekomsten Konnerudkollen ved Drammen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]