Willi Graf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willi Graf
Willi Graf.jpg
Fødd 2. januar 1918
Euskirchen
Død

12. oktober 1943 (25 år)
München

Yrke militærlege, motstandskjemper
Willi Graf på Commons
Grava til Willi Graf i Kronoberg

Willi Graf (2. januar 191812. oktober 1943) var ein tysk medisinstudent og medlem av Den kvite rosa.

Willi Graf vart fødd i i Kuchenheim utanfor Euskirchen. Familien hans flytta til Saarbrücken i 1922. Elleve år gammal blei han med i Bund Neudeutschland, ein katolsk organisasjon for ungdomar som gjekk på finare skular. Organisasjonen blei ulovleg då Adolf Hitler kom til makta i 1933. I 1934 blei han med i Grauer Orden, ein annan ungdomsorganisasjon som også var ulovleg, og kjend for å vere antinazistisk. Denne organisasjonen var derfor inndelt i små grupper.

I 1937 gjorde han riksarbeidsteneste, og etter dette begynte han på medisinstudium. I 1938 blei han tiltalt for ulovlege aktivitetar, men fekk amnesti grunna feiringa av Anschluss.

Frå 1940 til 1942 tenestegjorde han fleire stader i Europa. I 1942 blei han med i Den kvite rosa.

Den 18. februar 1943 blei han og systera, Annelise, arrestert i München. 19. april 1943 blei dømd til døden av Folkedomstolen. Han blei avretta i München den 12. oktober 1943 etter at han hadde vore gjennom mange avhøyr utan å røpe nokon namn.

Sju skular i Tyskland er oppkalla etter han, og i 2003 fekk han posthumt status som æresborgar av Saarbrücken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]