Willi Holdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willi Holdorf

Willi Holdorf 1964.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. februar 1940
Bloemsche Wildnis
Idrett friidrett, bobsleigh
Yrke friidrettsutøvar, fotballtrenar, bobkjører

Willi Holdorf (fødd 17. februar 1940) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som vann den olympiske gullmedaljen i tikamp i 1964. Han var frå landsbyen Blomesche Wildnis i Schleswig-Holstein og representerte Vest-Tyskland.

Holdorf vart vesttysk meister i tikamp i 1961, ein prestasjon han gjentok to år seinare. Sommaren 1962 sikra han seg også den vesttyske meistertittelen på 200 meter hekk. I september same året vart han femtemann i tikampen ved europameisterskapen i Beograd, med sine 7 355 poeng enda han nær 300 poeng bakom vinnaren, Vasilij D. Kuznetsov frå Sovjetunionen. Vel to år etter gjorde Holdorf sitt livs beste tikampøving under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo. Han oppnådde då 7 887 poeng og slo nestemann, Rein Aun frå Sovjetunionen, med 35 poeng.

Holdorf la opp i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]