Willi Storn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Willi Storn, eigentleg Willibald Christopher Storn, (fødd 26. februar 1936) er ein norsk-austeriksk biletkunstnar, fødd i Wien, men busett i Noreg sidan 1957.

Storn arbeider med foto, måleri og grafikk. Bileta er gjerne figurative, fargesterke og fabulerande, og dei har i periodar vore prega av Storns synspunkt den aktuelle samfunnsdebatten. Ofte legg han inn ord og setningar i motiva.

I 1969 vekte Storn hissig debatt var då han i Unge Kunstneres Samfund presenterte utstillinga «Coca-Donald samfunn-ikke ta meg», ein kaotisk modell av forbrukarsamfunnet. I 1970 var han i blant inititativtakarane til kunstnargruppa Gras. I 1972 lagde han grafikk som oppmoda folk til å røyste nei til EEC. I 1974 utførte han ei 200 meter lang utsmykking på Høyenhall T-banestasjon i Oslo, «Veien til Utopia». Biletserien vitna om kjerleik til livet og fortviling over urett og liding. Frisen vart seinare fjerna som følgje av hærverk.

Han utforma diplomet til Nobels fredspris i 2015, 2016 og 2017.

Storn er m.a. representert ved Nasjonalgalleriet, Museet for Samtidskunst, Riksgalleriet og Norsk Kulturråd.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]