William «Smitty» Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William Smith
Fødd30. august 1944(1944-08-30)
Død28. november 1997 (53 år)
FødenamnWilliam Daniel Smith
OpphavCanada
Aktiv1960-åra til 1980-åra
SjangerRock, soul, Jazz
InstrumentVokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarMotherlode, Diane Brooks & The Soul Searchers, Eric Mercury, Grant Smith & The Power, Blood Sweat & Tears, David Clayton Thomas, Mike Finnigan & The Right Band, David Lindley & El Rayo-X
Verka somMusikar

William Daniel «Smitty» Smith (30. august 194428. november 1997) var ein kanadisk klaverspelar og studiomusikar.

Han byrja karrieren i Toronto i eit band kalla The Soul Searchers, og då dette vart oppløyst vart Smith med ei gruppe kalla Grant Smith & The Power. I 1969 var han med å skipe Motherlode som fekk ein hit i USA med «When I Die.» Gruppa vart oppløyst i 1970 og Smith fronta ein ny versjon av Motherlode, som raskt vart oppløyst.[1]

Smith vart studiomusikar og spelte og song korvokal for ei rekkje artistar som Bob Dylan, David Clayton-Thomas, Billy Joel, The Pointer Sisters, Bonnie Raitt, Linda Ronstadt, Etta James, Blood, Sweat and Tears, Richie Havens, Tracy Chapman, Rod Stewart, Bruce Willis og Brenda Russell, Eric Mercury, Marc Tanner Band og Ricky Lee Jones. Han har òg gjeve ut soloalbumet Smitty.[2]

Han døydde i 1997, 53 år gammal, av eit hjarteattak.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar (William D. Smith)
  • A Good Feelin' – Warner Bros – BS 2911 – 1976[4]
  • Smitty - A&M SP-4693[5] - 1978
Som sidemann

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Canadian Pop Encyclopedia – Artist: Motherlode
  2. Answers.com Album Review: Smitty
  3. «Los Angeles Times – William «Smitty» Smith Obituary». LATimes.com. 11. desember 1997. Henta 4. juni 2018. 
  4. Discogs William D. Smith* – A Good Feelin'
  5. Livedoor Blog 21. juni 2007, William D. Smith