William Booth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William Booth
William-Booth-c1900.jpg
Fødd 10. april 1829
Nottingham
Død

20. august 1912
Hadley Wood

William Booth på Commons

William Booth (10. april 182920. august 1912) var ein engelsk vekkinspredikant som i 1865 skipa Frelsesarmeen i London sman med kona si Catherine Booth.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Booth ca. 1862.

Booth var fødd i Sneinton utanfor Nottingham i ein syskenflokk på fem. Tretten år gammal blei han lærling hjå ein pantelånar. Kort tid seinare døydde faren, og familien, som alt hadde hatt pengeproblem, sleit med å klara seg. Den vanskelege barndommen, og synet av fattigdom som små barn som bad etter mat, påverka Booth gjennom resten av livet. I 1842 blei han interessert i den politiske reformrørsla chartisme, men i staden vende han seg heilt til den religiøse metodismen, der han gjkk gjennom ei omvending i 1844.

Ekteparet Booth i 1862.

Booth las religiøse verk og øvde seg på å tala og skriva. Saman med bestevennen Will Sansom byrja han å preika for fattige og syndarar i Nottingham. Sansom skipa ei kyrkje, og Booth ville truleg ha fortsett som partner for han om ikkje Sansom hadde døydd av tuberkulose i 1849.[1]

Etter at lærlingetida hans var over i 1848 var Booth arbeidslaus ei tid.[2] I 1849 drog han motvillig til London og blei tilsett hjå ein pantelånar der. Han levde svært sparsamt, og sende pengar tilbake til mora og systrene.[3]

Han prøvde å fortsetja som forkynnar i London, der han tala for metodistmøte, men også på gata og på Kennington Common. Gjennom E.J. Rabbits blei han introdusert for reform-metodismen og den framtidige kona si, Catherine Mumford. Rabbits overtalte han også til å forkynna på fulltid ved å støtta han økonomisk i byrjinga.[4] På sin 23. fødseldag byrja William Booth som forkynnar ved reform-metodistane sitt hovudkvarter ved Binfield Chapel i Clapham. Få veker seinare, den 15. mai 1852, blei han trulova med Catherine. Paret gifta seg 16. juni 1855 i Stockwell New Chapel i London.

William si forkynning var inspirert av stilen til den amerikanske vekkingspredikanten James Caughey, som ofte hadde vitja England og preika i Nottingham. Han blei tilsett av metodistkyrkja New Connexion som omreisande forkynnar. Frå 1867 fekk han ein fast preikerunde knytt til Brighouse i Yorkshire. I 1858 blei William ordinert og send til Gateshead, der familien var fram til 1860.[5]

Frelsesarmeen[endre | endre wikiteksten]

I 1861 braut Booth med kyrkja og byrja som uavhengig forkynnar. Familien reiste rundt i England og Wales fram til dei slo seg ned i London i 1865. Her skipa Booth ein organisasjon kalla Christian Revival Society og seinare Christian Mission. I 1879 blei organisasjonen omdøypt til Salvation Army eller Frelsesarmeen. Det var i diskusjon med sonen Branwell at det nye namnet blei til - William Booth kalla organisasjonen ein hær av frivillige, og Bramwell utbraut "eg er ikkje ein frivillig - eg er regulær!" Ordet frivillig blei bytta ut med salvation, eller frelse.[6] Ein tok i bruk uniformer og militære titlar, med Booth som den øvste generalen, leiarar som offiserar og andre medlemmer som soldatar. Ein nøkkel til suksess var at organisasjonen engasjerte folk frå arbeidarklassen til å misjonera blant sine eigen.[3]

Booth som grisk pengeinnsamlar i ein karikaturteikning frå 1882.

Trass kraftig motstand frå ulike grupper, mellom anna den engelske statskyrkja og motstandarar av fråhaldsrørsla. Den såkalla Skeleton Army gjekk til fysisk åtak på Frelsesarme-marsjar og skapte opptøyar rundt dei. Også pressa var kritisk, og kunne hevda at Booth var ein sjarlatan som berre var ute etter pengar.[7]

Ein anna kritikk var at han dreiv rørsla som eit familieføretak, med barna sine plasserte i leiande stillingar. Han insisterte på at svigersønene også skulle ta etternamnet Booth i tillegg til sitt eige (sjå Frederick Booth-Tucker og Arthur Booth-Clibborn).[8] I testamentet sitt peika han også ut sonen Bramwell til å ettefølgja han som general. Men Booth skal sjølv ha sagt til barna sine at rørsla ikkje tilhøyrde han eller dei, men varda, og prøvde å hindra at leiarskapen skulle bli til eit dynasti.[9]

I tillegg til å forkynna gav Booth ut eit eige blad og skreiv fleire songar og bøker. Han er særleg kjend for bestseljaren In Darkest England and the Way Out (1890), som hevda at såkalla siviliserte England var minst like fattig og tilbakeståande som mørkaste Afrika. Han la også fram strategiar for å kjempa mot synd og fattigdom ved å skipa heimar og gardsbruk for fattige, heimlause, falne kvinner og tidlegare fengselsfolk, gje folk opplæring i staden for at dei måtte emigrera og gje hjelp til alkoholikarar. Kampanjejournalisten W.T. Stead hjelpte han i arbeidet med å skriva boka.

Frelsesarmérørsla voks til ho hadde rundt 100nbsp;000 soldatar i Storbritannia ved slutten av 1800-talet. Ho blei også spreidd til utlandet, og Booth vitja USA, India og ei rekkje land i Europa, der han blei teken imot av kongar og ambassadørar.[3] I 1902 blei han invitert til kroninga av kong Edvard VII.

I 1904 la Booth ut på ein biltur (motorcade) der han blei kjørt rundt til byar og landsbyar i Storbritannia og preika frå bilen. Han hadde i alt sju slike forkynnande bilturar.

I 1906 blei Booth utnemnd til Freeman av City of London, og gjeven ein æresgrad ved Universitet i Oxford.

Seinare i livet var Booth plaga av svekka syn, og han døydde 20. august 1912 etter ein augeoperasjon. Han var då 83 år gammal. Han blei lagt på lit de parade i Clapton Congress Hall og vitja av 105 000. Ved bisetjinga hans i Olympia-hallen i London var 35 000 til stades, mellom dei ei nær inkognito dronning Mary. 10 000 frelsesarmesoldatar følgde han til grava. William Booth blei gravlagd ved sidan av Catherine i Abney Park Cemetery i London.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Catherine og William Booth fekk åtte barn, som alle levde opp. Dei fleste hadde også stillingar i Frelsesarmeen:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hattersley 1999, s. 23–25.
  2. Hattersley 1999, s. 30.
  3. 3,0 3,1 3,2 Frank Prochaska (23. september 2004), «Booth, William», Oxford Dictionary of National Biography, https://doi.org/10.1093/ref:odnb/31968 
  4. Harold Begbie (1920), «10», Life of William Booth, https://www.gospeltruth.net/booth/boothbiovol1/boothbiovol1ch10.htm 
  5. Pamela J. Walker (23. september 2004), «Booth [née Mumford, Catherine»], Oxford Dictionary of National Biography, https://doi.org/10.1093/ref:odnb/2874 
  6. «William Bramwell Booth 1829–1912 His Life and Ministry – A Very Short Biography». Gospeltruth.net. Henta 11. april 2012. 
  7. The Booths: The Salvation Army (1878–1890) ourchurch.com
  8. Hodges, Samuel Horatio General Booth: "the Family", and the Salvation Army: Showing its Rise, Progress, and ... Decline (1890)
  9. Larrson, John (2009). 1929: A Crisis that Shaped The Salvation Army's Future. London: Salvation Books. ISBN 978-0-85412-794-8.