William Boyce
William Boyce | |
![]() | |
Fødd | 11. september 1711 |
---|---|
Fødestad | London |
Død | 7. februar 1779 (67 år) |
Dødsstad | Kensington i London |
Opphav | Kongeriket Storbritannia |
Periode | Barokken og klassisismen |
Aktiv | 1734 - 1779 |
Sjanger | Kormusikk, symfoniar og kammermusikk |
Instrument | orgel |
Verka som | Komponist |
Willam Boyce (døypt 11. september 1711 i London, død 7. februar 1779 i Kensington i London) var ein av få viktige engelskfødde komponistar på 1700-talet.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Boyce song i koret ved St. Pauls katedral. Etter stemmeskiftet studerte han musikk med Maurice Greene. I 1734 fekk han den første profesjonelle posten sin som organist ved Oxford Chapel, og han fortsette med ei rekkje liknande postar før han vart utnemnd Master of the King's Musick i 1755 og organist ved Chapel Royal i 1758.
Boyce vart gradvis døv, og etter at han ikkje lengre klarte å fortsetje som organist trekte han seg tilbake og arbeidde på Cathedral Music, eit verk over engelsk kyrkjemusikk frå 1500- til 1700-talet som Maurice Greene hadde starta. Trebindsverket med oversyn over komponistar som William Byrd, Henry Purcell og Thomas Tallis var i over hundre år standardverket om engelsk kyrkjemusikk.
Musikk[endre | endre wikiteksten]
Boyce skreiv mange kyrkjelege og verdslege vokalverk, odar, songar, kantatar, sceneverk og instrumentalmusikk (8 symfoniar, 15 triosonatar, 12 overturar 3 concerti grossi og klaververk).
Boyce var ved sida av Thomas Arne ein av dei svært få av dei engelske komponistane i tida som tolde samanlikning med dei kontinentale kollegaene sine. Til skilnad frå dei fleste andre klarte Boyce stort sett å unngå den forføriske innverknaden Georg Friedrich Händel.
Etter Willian Boyce døydde vart musikken hans gløymd. Først på 1900-talet opplevde instrumentalmusikken hans, særleg symfoniane og kammermusikken, fornya interesse.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «William Boyce» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Basert på artiklar om William Boyce på tysk og engelsk Wikipedia 10. februar 2009