William Cranch Bond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Cranch Bond
PSM V47 D300 William Cranch Bond.jpg
William Cranch Bond
Fødd 9. september 1789(1789-09-09)
Falmouth, Maine
Død 29. januar 1859 (69 år)
Cambridge, Massachusetts
Nasjonalitet USA
Område astronomi
Yrke astronom
Kjend for Hyperion
Medlem American Academy of Arts and Sciences

William Cranch Bond (9. september 178929. januar 1859) var ein USA-amerikansk astronom, og den første direktøren ved Harvard-observatoriet frå 1839 til 1859.

Han gjorde omfattande studiar av planetar, solflekkar og tåker. Han gjorde pionerarbeid innan kronometer, og tok det første fotografiet av ei stjerne (Vega, 1850). Saman med sonen George Phillips Bond oppdaga han Saturnmånen Hyperion i 1848 og Slørringen, den inste delen av ringane til Saturn i 1850.

Krateret W. Bond, ein region på Hyperion kalla Bond-Lassell Dorsum, asteroiden 767 Bondia er kalla opp etter han (sistnemnde med sonen). Bond-gapet i C-ringen er òg kalla opp etter Bond og sonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]