William Crookes
William Crookes | |
![]() | |
Fødd | 17. juni 1832 London |
---|---|
Død | 4. april 1919 London |
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Område | kjemi, fysikk, spektroskopi, Spiritisme |
Yrke | kjemikar, fysikar, påstått synsk, fotograf |
Institusjonar | University of Chester |
Alma mater | Imperial College London |
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Accademia Nazionale dei Lincei National Academy of Sciences |
Sir William Crookes (17. juni 1832–4. april 1919) var ein engelsk kjemikar og fysikar. Han gjekk på Royal College of Chemistry i London, og arbeidde med spektroskopi.
Crookes vart utnemnd til medlem av Order of Merit og var president i Royal Society 1913–15.
Han undersøkte elektriske utladingar i glasrøyr med gass under lågt trykk, Crookes-røyr, der han påviste eit mørkt område, Crookes-mørkerom
Han påviste at det fanst helium i sola og i mineralet cleveitt. Han oppdaga metallet thallium og separerte thorium frå uran. For å verne augo til industriarbeidarar mot intenst lys laga han briller av mørkt glas, og kan derfor reknast som oppfinnar av solbrillene. Han var òg sterkt oppteken av spiritisme.
Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «William Crookes» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2013.
- Holtebekk, Trygve (14. februar 2009). «William Crookes». Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.