William David Coolidge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William D. Coolidge
William Coolidge, Willis Rodney Whitney, Thomas Edison, Charles Proteus Steinmitz, Irving Langmuir (front row, left-to-right) (1923).jpg
William Coolidge (lengst til venstre)
Fødd 23. oktober 1873
Hudson i Massachusetts
Død 3. februar 1975 (101 år)
Schenectady i New York
Bustad USA
Nasjonalitet amerikansk
Område Elektroteknikk
Kjend for bidraga hans til elektrisk glødelampe og glødekatoderøyr
Utmerkingar IEEE Edison Medal

William David Coolidge (23. oktober 18733. februar 1975) var ein amerikansk fysikar og kjemikar.

Han var knytt til General Electric Co. frå 1905. Han var visepresident i selskapet og forskingsdirektør frå 1940 til 1944. Han fekk i 1914 Rumford-medaljen for metoden sin til å framstelle strekkbart wolfram og nytte dette til trådar i elektriske glødelamper. Han fann opp Coolidges røntgenrøyr eller glødekatoderøyr som erstatta tidlegare brukte gassfylte ionerøyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]