William Gladstone
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne samfunnsartikkelen som har med historie og Storbritannia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
William Ewart Gladstone (1809–1898) var ein britisk politikar av ei skotsk ætt som busette seg i England på 1700-talet. Han byrja si politiske karriere som konservativ, men blei etterkvart liberal. Han leidde det liberale partiet frå 1865, og var statsminister i periodane 1868-74, 1880-85, 1886 og 1892-1894. Han var tilhengjar av frihandel og sjølvstyre for Irland (Home Rule). Han kom med forslag om sjølvstyre for Irland ved fleire høve, noko som i 1886 førte til ei sprenging av det liberale partiet. Trass i dette kom han attende som regjeringssjef for fjerde gong i 1892. Denne gongen vart Home Rule-forslaget hans stogga i Overhuset. I 1894 trekte han seg attende frå det offentlege livet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 5. G-Hom. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 82-573-0016-0.
- Caplex.no - Gladstone, William Ewart.
