William Houlder Zachariasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William Houlder Zachariasen
Fødd5. februar 1906
Langesund
Død1980
Santa Fe
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, krystallograf
InstitusjonarUniversity of Chicago
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
National Academy of Sciences

Fredrik William Houlder Zachariasen (fødd 5. februar 1906 Langesund, død 24. desember 1979 i New Mexico i USA) var ein norsk-amerikansk fysikar som frå 1930 hadde virket sitt ved University of Chicago. Han er mest kjend for røntgenundersøkingane han gjorde av krystallar, og i 1945 gav han ut boka Theory of X-ray Diffraction in Crystals.

Han studerte i Oslo og fekk doktorgraden i 1928. Han studerte så i Manchester i Storbritannia med Sir Lawrence Bragg, før han kom til Chicago i 1930. Han leia det fysiske instituttet ved University of Chicago frå 1945 til 1950, og igjen frå 1956 til 1959. Han vart òg etter kvart professor. Under den andre verdskrigen deltok han i Manhattanprosjektet, som utvikla atombomba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]