William Hyde Wollaston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Hyde Wollaston

Fødd6. august 1766
East Dereham i Norfolk i England
Død22. desember 1828 (62 år)
Chislehurst i England
NasjonalitetStorbritannia
OmrådeKjemi
Fysikk
Yrkekjemikar, fysikar, ingeniør, metallurg, astronom
InstitusjonarUniversity of Cambridge
Alma materGonville and Caius College
Charterhouse School
Kjend forOppdaginga av palladium og rhodium
Camera lucida
Mørke linjer i solspektrumet
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det bayerske vitskapsakademiet

William Hyde Wollaston (6. august 176622. desember 1828) var ein engelsk kjemikar og fysikar som er kjend for å ha oppdaga dei to grunnstoffa palladium og rhodium, og for å ha utvikla ein måte å handsame platinamalm til formbare barrar.[1]

Wollaston praktiserte først som lege og vart i 1793 fellow og i 1806 sekretær i Royal Society. Han oppdaga metalla palladium og rhodium, fann opp kryoforen, camera lucida, goniometer, og han var den første som observerte mørke linjer i solspekteret (fraunhoferske linjer). Han fann opp ein metode å trekkje fine platinatrådar ved å omgi platina med sølv og trekke det heile ut. Sølvet vart sidan etsa vekk i salpetersyre. Slike wollastontrådar med diameter ned til 0,5 μm har store bruksområde i fysikken i dag.

Geological Society utdeler Wollaston-medaljen til særleg fortente geologar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Melvyn C. Usselman: William Hyde Wollaston Encyclopedia Britannica, retrieved 31 March, 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: William Hyde Wollaston