William Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Jones

Fødd28. september 1746
Westminster, London
Død27. april 1794
Kolkata
NasjonalitetKongeriket Storbritannia, England
Områdefilologi, botanikk, lov og rett, politikk, litteratur, antropologi, orientalisme
Yrkeantropolog, lingvist, dommar, omsetjar, lyrikar, skribent, botanikar, politikar, orientalist
Alma materUniversity College
Harrow School
EktefelleAnna Maria Shipley, Anna Maria Shipley
MedlemRoyal Society

William Jones (28. september 174627. april 1794) var ein britisk filolog som er kjend for å ha foreslått at det kunne vera slektskapar mellom mange asiatiske og europeiske språk (indoeuropeiske språk).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jones var fødd i Beaufort Buildings i Westminster, der faren, som òg heitte William Jones, var matematiker. Den unge William Jones var eit språkleg vedunderbarn; han lærte gresk, latin, persisk, arabisk og grunnleggjande kinesisk i ung alder. I løpet av livet lærte han 13 språk grundig og 28 ganske godt.

Sjølv om faren døydde då han var berre tre år gammal, kunne Jones likevel gå på universitetet. Han gjekk ut frå University College ved Oxford i 1764.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dei neste seks åra tok han arbeid som huslærar og omsetjar. I løpet av desse åra gav han ut Histoire de Nader Chah, ei fransk omsetjing av eit opphavleg persisk verk, på førespurnad frå kong Kristian VII av Danmark, som hadde vitja Jones. Han hadde nemleg alt som 22-åring skaffa seg eit namn som orientalist. Dette skulle blie det første av mange verk han skreiv om Persia, Tyrkia og Midtausten generelt.

Frå 1770 studerte Jones jus i tre år. Dette gav han til karriere i Britisk India; i 1783 blei han tilsett ved høgsterett i Bengal. I India blei han begeistra for indisk kultur, og grunnla Asiatick Society of Bengal. I løpet av dei neste ti åra gav han ut ei mengd arbeid om India, og kom med det til å grunnleggja det moderne studiet av subkontinentet. Han skreiv om lokale lovar, musikk, litteratur, botanikk og geografi, og skreiv dei første engelske omsetjingane av mange viktige indiske litterære verk.

Indoeuropeiske språk: Blant alle oppdagingane hans er Jones i dag mest kjend for ha observert og skrive om likskapen sanskrit har med klassisk gresk og latin. I The Sanscrit Language (1786) foreslo han at alle dei tre språka kunne ha eit felles opphav, og at dei dessutan kunne vera vidare nærskylde med gotisk, dei keltiske språka og persisk. Ei avhandling han gav ut i 1798 blir ofte rekna som byrjinga til fagfeltet samanliknande lingvistikk og studiet av indoeuropeiske språk.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Kunstnaren John Flaxman utforma i 1801 eit minnesmerke i marmor over William Jones. Det var opphavleg meininga at monumentet skulle plasserast i domkyrkja i Calcutta, der Jones var gravlagd. Det vart likevel vedteke at minnesmerket skulle installerast i University College Chapel i Oxford, som frå før hadde to andre arbeid av Flaxman.[1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «www.univ.ox.ac.uk». www.univ.ox.ac.uk (på engelsk). University College Oxford. Arkivert frå originalen 9. februar 2016. Henta 23. juni 2017. «In the centre of this wall is Flaxman’s third memorial in the Chapel, and his grandest, for Sir William Jones (1746–94). Jones, a former undergraduate and Fellow of Univ, was one of the greatest polymaths of his day, knowing over two dozen languages, and devoting himself in particular to the study of oriental literature. In 1783 he joined Robert Chambers to work as a judge in India, and there became fascinated by Indian language and culture, as reflected by the relief on this monument, which shows him eagerly taking notes from three Indian scholars. The monument was intended for Calcutta Cathedral, where Jones is buried, but it was offered to the College instead.»