William Murray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William Murray
Fødd20. hundreåret
FødestadGlasgow i Skottland
Død1998
DødsstadDublin i Irland
FødenamnWilliam Bain Murray
OpphavStorbritannia
Aktiv1970-åra til 1990-åra
SjangerProgressiv folk
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarMellow Candle, Kevin Ayers, Mike Oldfield
Verka somTrommeslagar, fotografi

William Murray (d. 1998) var ein skotsk trommeslagar og fotograf frå Glasgow.

Som trommeslagar tidleg i 1970-åra spelte Murray med artistar som Richard og Linda Thompson sitt 'Sour Grapes' og det irske bandet Mellow Candle.[1] Han spelte òg på Kevin Ayers-albumet Whatevershebringswesing og arbeidde seinare med Paul Kossoff.[2]

Murray arbeidde med Mike Oldfield, som kjøpte eit kamera til Murray.[2] Murray arbeidde med Oldfield på album som Ommadawn, og skreiv tekst for «On Horseback».[2] Murray vart sidan ein motefotograf og flytta til Dallas i USA.[2] I Amerika skipa Murray bandet The Same med Clodagh Simonds, Carter Burwell, Stephen Bray og Chip Johanessen.[1]

Murray tok fotografiet av Mike Oldfield på omslaget til albumet Amarok i 1990 og skreiv ei novelle for heftet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Mellow Candle». Irish Band. Henta 28. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Ommadawn notes». Tubular.net. Henta 28. juni 2020. 
  3. «Amarok notes». The Official Mike Oldfield Information Service. Henta 28. juni 2020.