William Penn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William Penn
William Penn at 22 1666.jpg
Fødd14. oktober 1644 (juliansk)
FødestadLondon
Død30. juli 1718 (juliansk)
DødsstadBerkshire
MorMargaret Jasper
FarWilliam Penn
EktefelleHannah Callenbo, Gulielma Springett Penn, Hannah Callowhill Penn
BarnRichard Penn, John Penn, Thomas Penn, William Penn, Margaretta Penn
MedlemRoyal Society

William Penn (14. oktober 164430. juli 1718) var ein engelsk kvekar. Han var talsmann for religionsfridom og la grunnen for kvekarsamfunna i Nord-Amerika, det seinare Pennsylvania.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Penn studerte i Oxford, men vart i 1661 bortvist frå universitetet då han ikkje aksepterte den anglikanske kyrkjelæra. I 1665 vart han kvekar. Frå 1667 var han verksam som predikant.

År 1670 arva Penn ein stor formue etter den mektige og rike faren, jamvel òg ei fordring mot staten på 16 000 pund. I staden for pengar fekk han i 1681 av kong Karl 2. eit landområde ved Delaware-elva i Nord-Amerika. Penn fekk full råderett over landet, som kongen kalla Pennsylvania. Her opna Penn ein fristad for menneske som vart forfylgde for si kristendomsforståing, særleg kvekarar. Kolonien la grunnen til ein komande delstat i USA, med byen Philadelphia i sentrum.

Penn vende tilbake til England i 1684, der han heldt fram å arbeide for religiøs toleranse. Kongeskiftet i 1685 og sjukdom i familien førte til at Penn fekk ein mindre sentral posisjon i dissentar-rørsla. 1699-1701 var han tilbake i Pennsylvania, eit samfunn mykje endra på 15 år. Sidan levde han i små kår i Berkshire og var ein fattig mann då han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]