William Smith (1769-1839)
Utsjånad
William Smith | |||
![]() | |||
Fødd | 23. mars 1769 Churchill | ||
---|---|---|---|
Død | 28. august 1839 Northampton | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | geologi, kartografi, land improvement | ||
Yrke | paleontolog, sivilingeniør, geolog, ingeniør |
William «Strata» Smith (23. mars 1769–28. august 1839) var ein engelsk geolog og ingeniør og skapte det første skikkelege geologiske kartet over England i 1815. Han er kjend som «faren til den engelske geologien».
Under bygginga av ein kanal i England i 1798 fann han ut at dei forskjellige laga i sedimentære bergartar frå juratida hadde sine karakteristiske fossil (leiefossil). Ved hjelp av desse leiefossila kunne ein avgjere den relative alderen til laga. På denne måten grunnla han stratigrafien, som dei neste 20-30 åra fekk ei rivande utvikling.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «William Smith (geologist)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2010.
- «William_Smith» i Store norske leksikon, snl.no.