William Van Dijck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Van Dijck
Statsborgarskap Belgia
Fødd 24. januar 1961 (63 år)
Leuven
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

William Van Dijck (fødd 24. januar 1961) er ein belgisk tidlegare 3 000-meter-hinderløpar som i 1987 vann bronsemedaljen i verdsmeisterskapen og i 1994 ein medalje av same valør i europameisterskapen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Van Dijck sette i 1983 sin fyrste belgiske rekord på 3 000 meter hinder. Same året vann han den fyrste av ni belgiske meistertitlar i øvinga. Ved europameisterskapen 1986 i Stuttgart vart han femtemann med tida 8.20,1. Ei veke seinare sprang han i Brussel inn til siger på 8.10,0, hans åttande og siste landsrekord.

Under verdsmeisterskapen 1987 i Roma sette italienaren Francesco Panetta avgarde i høgt tempo og sprengde feltet. Favorittane frå Kenya la seg lenger bak og nådde ikkje fram til innspurten. Austtyske Hagen Melzer kom i mål nest Panetta og tok sølvmedaljen, medan Van Dijck med 8.12,1 sikra seg bronsen.

I sin siste store meisterskap, europameisterskapen 1994, spurta Van Dijck inn til ein ny bronsemedalje. Einast italienarane Alessandro Lambruschini og Angelo Carosi sprang fortare.

Van Dick la opp i 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]