Williamsburg i Virginia
| Williamsburg | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Virginia | ||
| County | Independent city | ||
| Høgd | 15 m | ||
| Areal | 23,514674 km² | ||
| Folketal | 15 425 (1. april 2020)[1] | ||
| Grunnlagd | 1632 | ||
| Tidssone | EST (UTC-5) | ||
| • Sommartid | EDT (UTC-4) | ||
| Postnummer | 23185–23188 | ||
| Retningsnummer | 757 | ||
![]() Williamsburg i Virginia 37°16′15″N 76°42′25″W / 37.2708°N 76.7069°W | |||
| Wikimedia Commons: Williamsburg, Virginia | |||
Williamsburg er ein by i Virginia i USA, nær Chesapeake Bay. Han har kring 15 000 innbyggjarar og den viktigaste næringa i byen er turisme.
Heile landskapet rundt er rekonstruert slik det var i kolonitida. Delar av byen er inkludert i Colonial National Historical Park.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Williamsburg var kolonihovudstad i Virginia frå 1699 til 1780 og vart grunnlagt som Middle Plantation, Her fremsette Patrick Henry i 1765 den historiske protesten mot Stempellova, og her vedtok koloniforsamlinga i Virginia i 1776 henstillinga si til Kontinentalkongressen om å erklære koloniane sjølvstendige av Storbritannia. Williamsburg har det nest eldste colleget i USA, College of William and Mary, grunnlagt i 1693.
Den første avisa i byen vart grunnlagt i 1736. Byen vart mindre viktig etter ein brann 1780, då hovudstaden vart flytt til Richmond. Byen vart restaurert 1927–1935 etter bevart byplan, og fekk tilbake preget sitt frå 1700-talet i rein kolonistil. Rekonstruksjonen vart betalt av J. D. Rockefeller jr. Fleire utstillingshallar, mellom anna Capitol og Governor's Palace er haldne heilt i 1700-tals stil, òg når det gjeld inventaret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- «Williamsburg» i Store norske leksikon, snl.no.

