Willie Davenport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willie Davenport

Willie Davenport under sommar-OL 1968
Statsborgarskap USA
Fødd 8. juni 1943
Troy
Død

17. juni 2002 (59 år)
Chicago

Yrke bobkjører, friidrettsutøvar
Høgd 186 centimeter
Willie Davenport på Commons

William D. Davenport, kjend som Wilie Davenport, (8. juni 194317. juni 2002) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 110 meter hekk i 1968.

Davenport, som var fødd i Troy i Alabama, deltok i fire sommar-OL på 110 meter hekk. Under OL 1964 i Tokyo vart han slått ut i semifinalen med tida 14,28. Fire år seinare, under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen, vann han gullmedaljen med tida 13,33 sekundar, hans livs snøggaste løp. I 1969-sesongen tangerte han verdsrekorden på 13,2 (manuell tid).

Davenport kom på fjerdeplass på korthekken i München-OL 1972, landsmannen Rod Milburn vann løpet. I 1976 i Montreal vart Davenport nummer tre og likevel beste utøvar frå USA i OL 1976. Det var aller fyrste gongen det ikkje hadde vore dobbeltsiger til USA på korthekken i dei olympiske leikane.

Under Vinter-OL 1980 deltok Davenport for USA i bobsleigh. Laget hans i firarbob enda på tolvteplass.

Davenport var soldat i hæren. Han døydde i Chicago av hjartestans, som oberst i nasjonalgarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]