Willie Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willie Johnson

Fødd4. mars 1923(1923-03-04)
FødestadSenatobia i Mississippi i USA
Død26. februar 1995 (71 år)
DødsstadChicago i USA
OpphavUSA
Aktiv1940- til 1950-åra
SjangerElectric blues[1] Memphis blues[1]
InstrumentElektrisk gitar
Tilknytte artistarHowlin' Wolf
PlateselskapSun
Verka somGitarist

Willie Johnson (4. mars 192326. februar 1995)[2] var ein USA-amerikansk electric blues-gitarist. Han er mest kjend som den viktigaste gitaristen til Howlin' Wolf frå 1948 til 1953.[3] Den rå, forvrengde gitarspelinga hans finst på på Memphis-innspelingane til Howlin' Wolf i 1951-1953, inkludert hitten «How Many More Years» (innspelt mai 1951).[4]

I 2017 vart Johnson posthumt innlemma i Blues Hall of Fame.[5]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Willie Lee Johnson var fødd i Senatobia i Mississippi.[2] Som gitarist i det første bandet til Howlin' Wolf,[1] var han med på dei fleste Wolf-innspelingane mellom 1951 og 1953. Han spelte ein lett jazzaktig, men likevel grov gitar som var eit kjennemerke på alle innspelingane til Wolf frå Memphis. Johnson spelte òg med andre bluesartistar i Memphis-området,[1] som pianisten Willie Love, Willie Nix, Junior Parker, Roscoe Gordon, Bobby «Blue» Bland og andre.

Då Wolf flytta til Chicago kring 1953, klarte han ikkje å overtyde Johnson om å flytte med han.[1] Johnson vart verande att i Memphis i fleire år og spelte på fleire innspelingar for Sun Records, mellom anna eit samarbeid med vokalisten Sammy Lewis i 1955 på «I Feel So Worried», som kom ut under namnet Sammy Lewis with Willie Johnson. På den tida flytta Johnson til Chicago, men då hadde Wolf alt byrja å bruke gitaristen Hubert Sumlin som permanent erstattar.[1]

James Cotton har sidan fortalt at Wolf erstatta Johnson fordi han brukte å drikke for mykje.[6]

Johnson spelte stundom i lag med Howlin' Wolf etter han flytta til Chicago, og spelte òg ei kort stund i bandet til Muddy Waters, i tillegg til ei rekkje lokale Chicago blues-artistar, som J.T. Brown seint i 1950- og tidleg i 1960-åra. Han livnærte seg stort sett utafor musikkindustrien resten av livet, men spelte stundom med gamle vener kring Chicago. Dei siste innspelingane hans vart gjort for Earwig Music i Chicago tidleg i 1990-åra

Willie Johnson døydde i Chicago den 26. februar 1995.[7]

Andre namn[endre | endre wikiteksten]

Willie Johnson må ikkje forvekslast med Willie Johnson (eit medlem i Golden Gate Jubilee Quartet før han vart me i The Jubilaires i 1948) eller Blind Willie Johnson, ein tidlegare gospelartist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Chadbourne, Eugene. «Willie Johnson – Artist Biography». AllMusic. Henta May 22, 2015. 
  2. 2,0 2,1 Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club 1994-95». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 18. februar 2018. 
  3. David Dicaire (1999). Blues Singers. McFarland. s. 94. ISBN 978-0-7864-6241-4. 
  4. Edward M. Komara (2006). Encyclopedia of the Blues. Routledge. s. 387. ISBN 978-0415926997. 
  5. «BLUES HALL OF FAME - ABOUT/Inductions - Blues Foundation». Blues.org. Henta 18. februar 2018. 
  6. Will Romano (2005). Incurable Blues: The Troubles & Triumph of Blues Legend Hubert Sumlin. Backbeat Books. s. 25. ISBN 978-0879308339. 
  7. «Bman's Blues Report: Gettin Old and Grey – Howlin' Wolf w/ Willie Johnson». Bmansbluesreport.com. February 26, 2012. Henta 18. februar 2018.