Willy Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willy Olsen
Fødd 25. januar 1921
Fredrikstad
Død

14. september 1995

Yrke fotballspelar

Willy Olsen (25. januar 192114. september 1995) var ein norsk fotballspelar på Fredrikstad FK i tida 1946-60, kjend under kallenamnet «Vinga».

Etter å ha vore medlem i Gresvik Idrettsforening melde Olsen overgong til Fredrikstad i 1946 og spelte på FFK i femten år. På sine 151 seriekampar skåra venstrevengen 91 mål og vann seks seriemeisterskap og to cupmeisterskap. I perioden 1945-56 spelte Olsen ti landskampar og skåra ein gong.

Olsen «likte å være på offensiven og ga ikke opp så lenge det overhode fantes en mulighet til å gjøre noe ut av en ball. Tekniker var han også, og når han fikk spillet til å gli, var det en fornøyelse å se hvordan han botrert seg på gressmatten».[1] Han og Henry Johannessen spelte i lag på FFK i nær 15 sesongar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1949, 1951, 1952, 1954, 1957 og 1960 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1950 og 1957 med Fredrikstad

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili:Fotballboken.1967