Willy Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willy Wold
Fødd26. august 1929
Værøy
Død13. februar 1996
NasjonalitetNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

Willy Arne Wold (26. august 192913. februar 1996) var ein norsk fisketilverkar og -eksportør og senterpartipolitikar frå Værøy.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Wold var son til fisketilvirkar og trygdeassistent Nordahl Christensen (1906–1981) og kona hans Anna Jakobsen (1905–1966). Etter handelsskule var Wold fiskar frå 1946 til 1953. Der etter dreiv han handel med trelast og byggevarer, samstundes som han var fisketilverkar. Han avslutta byggefirmaet i 1969 og satsa frå kring 1975 også på fiskeeksport.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Wold var varamedlem i Værøy kommunestyre i perioden 1959–1963, medlem i perioden 1963–1967, og ordførar i periodane 1967–1971 og 1975–1979. Han sat i formannskapet i perioden 1971–1975.

Han sat i Nordland fylkesting i perioden 1967–1971.

Wold blei valt inn på Stortinget frå Nordland i 1969 og attvald i 1973. Alle åtte åra på Tinget var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Elles var han varamedlem i Valkomiteen og i den andre perioden medlem i Fullmaktskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]