Willy and the Poor Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willy and the Poor Boys
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Språk engelsk
Utgjeve November 1969[1]
Innspelt 1969 i Fantasy Studios i Berkeley i California
Sjanger Roots rock, swamp rock, southern rock, countryrock, bluesrock
Lengd 34:31
Selskap Fantasy
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
Green River
(1969)
Willy and the Poor Boys Cosmo's Factory
(1970)


Singlar frå Willy and the Poor Boys
  1. «Down on the Corner» med «Fortunate Son»
    Utgjeve: Oktober 1969[1]

Willy and the Poor Boys er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut av Fantasy Records i november 1969, og var det siste av tre studioalbum som bandet gav ut det året.[1]

Albumet inneheld songar som «Down on the Corner», som albumet har fått namn etter, og «Fortunate Son», som vart ein kjend protestsong.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1969 var Creedence Clearwater Revival eit av dei heitaste rockebanda i verda og hadde tre singlar på andreplass på rad og eit album på toppen av den amerikanske albumlista, Green River. I tillegg hadde gruppa spelt på Woodstockfestivalen i august og spelt på fleire høgprofilerte fjernsynsshow som The Ed Sullivan Show. Bandleiar og låtskrivar John Fogerty hadde teke kontroll over bandet etter fleire dårlege år, men trass i den veksande suksessen deira, byrja dei andre medlemmane i bandet - bassisten Stu Cook, trommeslagaren Doug Clifford og gitaristen Tom Fogerty, den eldre broren til John - byrja å gnage under det krevjande og autokratiske leiarstilen til Fogerty. Berre i 1969 gav bandet ut tre studioalbum, som kom på toppen av at bandet stadig turnerte. «Det vart for mykje og eg forstod det aldri heilt,» sa Clifford til Jeb Wright i magasinet Goldmine i 2013, «Fogerty sa til oss at om me hamna utafor listene, så kom me til å bli gløymd. For å gjere det verre, og det høyrest rart ut, så gav me ut doble A-sider, og det vart ein slags forbanning, for me brende gjennom materialet vårt dobbelt så raskt. Om me hadde spreidd det ut, hadde me ikkje gjeve ut tre album i året.» Den særs konkurransedyktige Fogerty såg ikkje det som ei unnskyldning og sa til Guitar World i 1998: «Alle tilrådde meg med til å ikkje gje ut bra B-sider. Dei sa at eg kasta potensielle hittar. Og eg såg på dei og sa, 'Det er berre tull. Sjå på Beatles. Sjå på Elvis. Den er den raskaste måten å syne dei all den gode musikken.»

Songar[endre | endre wikiteksten]

I august gav CCR ut det tredje albumet sitt, Green River. Kort tid etter byrja bandet å spele inn songar for det neste albumet, Willy and the Poor Boys. To månader seinare gav bandet ut den sjette singelen sin, «Down on the Corner» med B-sida «Fortunate Son».[1] A-sida av singelen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 og B-sida nådde heilt til 14. plass, begge i 1969.[3]

Då bandet var nesten ferdig med albumet drog dei og fotografen Basul Parik til krysset mellom Peralta St. og Hollis St. i Oakland i California og tok bileta til omslaget ved Duck Kee Market eigd av Ruby Lee.[4]

«Fortunate Son» er ein antikrigssong som kritiserer militant patriotisk oppførsel og dei som støttar bruken av militærmakt utan sjølv å «betale prisen» (anten finansielt eller ved å tene i krigen).[5] Songen kom ut under Vietnamkrigen, og sjølv om han ikkje kritiserer krigen direkte, går han til åtak på eliteklassen (familiane som fødde dei «heldige sønene») i USA og måten dei kom seg unna kostnaden av nasjonalistisk imperialisme, som gjer det å setje songen i samanheng med krigen. Songen var inspirert av bryllaupet mellom David Eisenhower, barnebarnet til den amerikanske presidenten Dwight David Eisenhower, og Julie Nixon, dottera til den dåverande presidenten Richard Nixon, i 1968.[6] I 1993 sa Fogerty til Rolling Stone: «Han vart sjølvsagt skriven i Nixon-tida, og la oss berre sei at eg ikkje støtta Mr. Nixon i særleg grad.» Songen er blitt mykje brukt som ein protestsong mot militærhandlingar og elitisme i Vesten, særskild i USA. Bruce Springsteen, Dave Grohl og Zac Brown fekk kritikk for å ha framført songen i lag i november 2014 Concert for Valor i Washington, D.C. Fogerty, som sjølv var ein militærveteran, forsvarte songvalet deira.[7]

Avskyen Fogerty hadde mot president Nixon går òg att på avslutningssporet på albumet, «Effigy». I 2013 fortalte han til David Cavanagh i Uncut at melodien var eit svar til Nixon som kom ut av Det kvite huset ein ettermiddag og kjefta på antikrigsdemonstrantar utafor.

«Don't Look Now» syner uroa Fogerty hadde den fattige arbeidaren («Who will take the coal from the mine? Who will take the salt from the earth?»).

Den Chuck Berry-aktige «It Came Out of the Sky» fortel soga om ein bonde som finn ein UFO på jordet sitt og vert ein av dei mest kjende personane i Amerika. Albumet inneheld òg to instrumentale spor, «Poorboy Shuffle» og «Side o' the Road», der førstnemnde glir rett over i songen «Feelin' Blue.»

Albumet inneheld to songar assosiert med blues- og visesonglegenda Lead Belly: «Cotton Fields» og «The Midnight Special». Lead Belly var ei stor inspirasjonskjelde for Fogerty. I 1982 gjekk utgåva deira av «Cotton Fields» inn på 50. plassen på Billboard Country Singles-lista.[3]

Då bandet var ferdig med innspelinga av albumet, drog dei og fotografen Basul Parik til krysset Peralta St. og Hollis St. i Oakland i California og tok bileta til omslaget ved Duck Kee Market.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[9]
Blender5/5 stars[10]
Rolling Stone (original)(positiv)[11]
Rolling Stone (nyutgjeving)4/5 stars[12]
The Village Voice(A+)[13]

Albumet kom ut i november som Fantasy 8397,[1] og i 1970 gjekk det inn på Topp 10 i seks land, [14][15][16][17][18][19] mellom anna Frankrike der det gjekk heilt til topps.[15] 16. desember 1970 hadde albumet seld til gullplate (500 000 eksemplar) i USA. Nesten 20 år seinare, den 13. desember 1990, hadde albumet selt til dobbelt platinaplate (2 millionar).[20]

Albumet fekk god kritikk då det kom ut. Rolling Stone skreiv at det var «det beste albumet deira til no».[21] Robert Christgau skreiv for The Village Voice at det var den beste plata deira og skreiv: «Diskresjonen Fogerty syner som politisk låtskrivar (har du nokon gong verkeleg likt teksten på 'Fortunate Son'?) kjem ikkje som ei overrasking.»[13] Han hadde seinare med plata i lista si «Basic Record Library» frå 1950-åra og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981).[22]

AllMusic og Stephen Thomas Erlewine samanlikna Willy and the Poor Boys med det førre albumet deira, Green River, fordi songane var mjukare og meir livlege, utanom «Effigy», og sa at «Fortunate Son» ikkje er like utdatert som andre protestsongar frå denne tida. Han meinte òg at songen ikkje passa heilt inn på albumet. Han samanlikna òg «Poorboy Shuffle» med songar framført av eit jugband og kalla albumet «eit av dei beste, reine rock & roll-albuma som er spelt inn».[9] I Blender vart albumet kalla det motsette av Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og psykedelisk rock, og skribenten meinte det kom av at bandet spelte på Woodstockfestivalen.[10] I høve 40-årsjubileumsutgåva skreiv Rolling Stone at albumet var «avslappande» og æra Fogerty for å ha skrive ein protestsong, «Fortunate Son», med ein god rytme.[12]

I 2003 vart albumert rangert på 392. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[23] På den reviderte lista i 2012 var albumet rangert på 309. plassen.[24] Den 10. juni 2008 kom albumet ut på ny med ommastra lyd på Concord Music Group med tre bonusspor.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av J.C. Fogerty, utanom der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Down on the Corner»2:46
2.«It Came Out of the Sky»2:53
3.«Cotton Fields» (Huddie Ledbetter)2:56
4.«Poorboy Shuffle»2:25
5.«Feelin' Blue»5:06
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Fortunate Son»2:19
2.«Don't Look Now (It Ain't You or Me)»2:11
3.«The Midnight Special» (Trad., arr. J. C. Fogerty)4:13
4.«Side o' the Road»3:24
5.«Effigy»6:26
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Fortunate Son» (Konsertopptak frå Manchester, 1. september 1971)2:13
2.«It Came Out of the Sky» (Konsertopptak frå Berlin, 16. september 1971, spelt inn for Concert in Europe)3:26
3.«Down on the Corner» (Jam med Booker T. & the M.G.'s i Fantasy Studios i 1970)2:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje plateomslaget[2][25]

Creedence Clearwater Revival
Andre musikarar

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Canada RPM100 Albums[14] 2
Frankrike (InfoDisc)[15] 1
Nederland (Top 100)[16] 7
Noreg (Topp 40)[17] 2
UK (The Official Charts Company)[18] 10
US Billboard 200[19] 3
US Billboard R&B-album[19] 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 (1991) Plateomslagstekst for Chronicle: The 20 Greatest Hits av Creedence Clearwater Revival [CD booklet]. USA: Fantasy Records (FCD-CCR2-2).
  2. 2,0 2,1 2,2 Ward, Ed; Selvin, Joel (2008). Plateomslagstekst for Willy and the Poor Boys [Expanded Reissue] av Creedence Clearwater Revival [CD-hefte]. USA: Concord Music Group (FAN-30879-02).
  3. 3,0 3,1 «Creedence Clearwater Revival - Billboard Singles». Allmusic. Henta 17. august 2013. 
  4. DelVecchio, Rick (September 12, 1998). «Vandals Rip Rock History from Store in Oakland» (.DTL). San Francisco Chronicle. Henta 17. august 2013. 
  5. «Creedence Clearwater Revival Biography». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Arkivert frå originalen 25. mai 2019. Henta 19. september 2020. 
  6. «The story behind the lyrics and the identity of the «Fortunate Son»». Snopes.com. Henta 19. september 2020. 
  7. Lewis, Randy (12. november 2014). «John Fogerty defends 'Fortunate Son' song choice at Concert for Valor». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 20. oktober 2015. Henta 19. september 2020. 
  8. DelVecchio, Rick (30. september 1998). «Vandals Rip Rock History from Store in Oakland» (.DTL). San Francisco Chronicle. Henta 20. november 2010. 
  9. 9,0 9,1 Erlewine, Stephen Thomas. Willy and the Poor BoysAllmusic. Henta 19. september 2020.
  10. 10,0 10,1 {{cite web |url=http://www.blender.com/guide/back-catalogue/55027/willy-poor-boys.html |title=Review: Creedence Clearwater Revival - Willy and the Poor Boys |work=Blender.com |publisher=Alpha Media Group |accessdate=
  11. Dubro, Alec (21. januar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (50): 44. Arkivert frå originalen 24. mars 2008. 
  12. 12,0 12,1 Walters, Barry (2. oktober 2008). «Creedence: Back to the Bayou». Rolling Stone (1062). s. 74. Arkivert frå originalen 5. mars 2009. Henta 19. september 2020. 
  13. 13,0 13,1 Christgau, Robert (23. april 1970). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 7. mars 2006. 
  14. 14,0 14,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 17. august 2013. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Infodisc.fr. Henta 17. august 2013. 
  16. 16,0 16,1 Steffen Hung. «Creedence Clearwater Revival - Willy And The Poor Boys». dutchcharts.nl. Henta 17. august 2013. 
  17. 17,0 17,1 Steffen Hung. «Creedence Clearwater Revival - Willy And The Poor Boys». norwegiancharts.com. Henta 17. august 2013. 
  18. 18,0 18,1 «1970-03-28 Top 40 Official UK Albums Archive». Official Charts. 28. mars 1970. Henta 17. august 2013. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «Creedence Clearwater Revival - Billboard Albums». Allmusic. Henta 17. august 2013. 
  20. Type "Willy & The Poor Boys" under Title
  21. Dubro, Alec (21. januar 1970). «Creedence Clearwater Revival Willy and the Poor Boys > Album Review». Rolling Stone (50). Arkivert frå originalen 24. mars 2008. Henta 18. september 2020. 
  22. Christgau, Robert (1981). «A Basic Record Library: The Fifties and Sixties». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0899190251. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  23. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «392 | Willy and the Poor Boys - Creedence Clearwater Revival». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Henta 7. mars 2006. 
  24. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 9. september 2019. 
  25. (1969) Plateomslagstekst for Willy and the Poor Boys av Creedence Clearwater Revival, back cover [Vinyl sleeve]. Fantasy Records (8397).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]