Win, Lose or Draw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Win, Lose or Draw
Studioalbum av The Allman Brothers Band
Utgjeve August 1975
Innspelt Februar - juli 1975
Capricorn Sound Studios i Macon i Georgia og The Record Plant i Los Angeles
Sjanger Southern rock, bluesrock
Lengd 38:38
Selskap Capricorn
Produsent Johnny Sandlin
The Allman Brothers Band
The Allman Brothers Band-kronologi
Brothers and Sisters
(1973)
Win, Lose or Draw The Road Goes On Forever
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(Not Rated)[2]
The Village VoiceC[3]

Win, Lose or Draw er det femte studioalbume av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Albumet var produsert av Johnny Sandlin og bandet sjølv, og kom ut i august 1975 i USA på Capricorn Records. Bandet hadde tidlegare gjeve ut det fjerde albumet sitt, Brothers and Sisters, i 1973 til god kritikk og gode salstal. Bandet turnerte året etter og spelte for store publikum og tente store pengar, samstundes som bandet byrja å krangle meir. Vokalisten Gregg Allman og Dickey Betts gav ut soloalbumThe Gregg Allman Tour og Highway Call, begge på hausten - som førte til spekulasjonar om samhaldet i bandet. Det var det siste albumet med bassisten Lamar Williams og pianist Chuck Leavell.

Då bandet kom saman att for å spele inn Win, Lose or Draw, dukka det uløyste saker på øvingane. Bandet var særleg kritisk til at Allman hadde valt å flytte til Los Angeles, og det tabloide forholdet hans med popstjerna Cher. Dårleg kommunikasjon og sinne auka til eit nytt høgdepunkt og bandet fekk sett saman albumet i løpet av ein periode på fleire månader, i sterk kontrast til dei vanlege innspelingsmetodane deira. Bandmedlemmane var ofte ikkje i studio samstundes.

Meldingane for albumet var negative og dei meinte at det mangla energi, var formelbasert og likegyldig. Albumet nådde likevel femteplassen på Billboard 200-lista sidan dei framleis var eit populært band. Forventningane hadde vore store til plata eit år tidlegare, men no var momentet til Allman forbi.

Win, Lose or Draw selde ikkje like godt som føregangarane. The Allman Brothers vart oppløyst med bitre kjensler mellom medlemmane, og trass i ei gjenforening på slutten av 70-talet, fekk dei ikkje attende noko av suksessen dei hatt før dei kom saman att i 1989.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Can't Lose What You Never Had»  Muddy Waters 5:49
2. «Just Another Love Song»  Dickey Betts 2:44
3. «Nevertheless»  Gregg Allman 3:32
4. «Win, Lose or Draw»  Gregg Allman 4:45
5. «Louisiana Lou and Three Card Monty John»  Dickey Betts 3:45
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «High Falls»  Dickey Betts 14:28
7. «Sweet Mama»  Billy Joe Shaver 3:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande:

  • Johnny Sandlin — akustisk gitar, trommer og perkusjon
  • Bill Stewart — trommer

Produksjon:

  • Produsert av Johnny Sandlin og The Allman Brothers Band
  • Lydteknikar var Sam Whiteside
  • Assisterande lydteknikar - Carolyn Harriss
  • Remiksa av Johnny Sandlin, Sam Whiteside og Carolyn Harriss i Capricorn Sound Studios

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Billboard Top LP's & Tape 5

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[4] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011). «Win, Lose or Draw - The Allman Brothers Band | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. september 2018. 
  2. Glover, Tony (2011). «The Allman Brothers Band: Win, Lose Or Draw : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 8. januar 2009. Henta 12. september 2018. 
  3. Christgau, Robert (27. oktober 1975). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 12. september 2018. 
  4. «American album salstrofé – Allman Brothers – Win, Lose or Draw». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH