WinMLS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
WinMLS
SkaparMorset Sound Development
UtviklarMorset Sound Development
Nyaste versjon2004
OperativsystemWIndows 2000/XP/Vista.
SjangerVirtuelt instrument for elektroakustiske målingar
Nettstadhttp://www.winmls.com/

WinMLS er eit multifunksjonellt måle- og analyseverktøy for akustiske målingar. WinMLS er eit sokalla virtuelt målesystem, som køyrer på ein PC og nyttar lydkort for å konvertere mellom diskrete sekvensar (nytta internt i WinMLS) og analoge signal.

Måleprinsipp[endre | endre wikiteksten]

WinMLS genererer ulike typar eksitasjonssekvensar som eksiterer (driv) eit testobjekt, som til dømes ein høgtalar, eit ristebord, e.l. Responsen frå testobjektet vert målt med ein mikrofon, aksellometer, e.l. og konvertert til ein diskret sekvens av lydkortet.

Eksitasjonssignet kan vera ein maksimumlengdsekvens (MLS), eit sinussveip, e.l. WinMLS samanliknar responsen med eksitasjonssignalet og finn ut frå dette impulsresponsen til måleobjektet. Under føresetnad av at måleobjeketet er eit LTI-system inneheld impulsresponsen all informasjon som skal til for å finna og plotta frekvensrespons, gruppeløpstid, tidfrekvensplot (fossefallplott), osb.

Måling av romakustikk[endre | endre wikiteksten]

For å måla romakustikk vert det nytta ein rundtstrålande høgttalar for å eksitere rommet. Responsen frå rommet vert målt med ein kalibrert målemikrofon, forsterka og lese inn via lydkortet. Under føresetnad av at høgtalaren som vert nytta er (tilnærma) lineær kan ein måla høgttalaren før ein tek til med rommålingar (sjå avsnittet «Høgtalarmålingar») og nytta resultatet for å filtrera bort innverknaden til høgttalaren. Dette gjer det mogleg å nytta ein høgtalarar som ikkje har heilt rett frekvensrespons.

Oktavbandfiltrering vert utført i samsvar med IEC 1260 (1995)-standarden og akustiske parametre som RT60, C80, D50, osb., i samsvar med ISO 3382 (1997)-standaren.

Høgtalarmålingar[endre | endre wikiteksten]

Ein høgttalar vert målt på same måte som eit rom, men ein nyttar berre den fyrste delen av impulsresponsen. På grunn av at direktelyden frå høgtalaren til mikrofonen har ei kortare veglengd enn dei fyrste refleksjonane frå rommet filtrerer ein på denne måten bort innverkninga frå rommet.