Wind on the Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wind on the Water
Studioalbum av Crosby & Nash
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Rudy Records, San Francisco, CA
Sound Labs and Village Recorders, Los Angeles, CA
Sjanger Rock
Lengd 40:57
Selskap ABC Records (1975)
MCA Records (2000)
Produsent David Crosby, Graham Nash, Stephen Barncard
Crosby & Nash-kronologi 
Graham Nash/David Crosby
(1972)
Wind on the Water Whistling Down the Wire
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]

Wind on the Water er det andre studioalbumet til Crosby & Nash, gjeve ut på ABC Records i 1975. Kassett- og 8-sporslydbandutgåvene av albumet vart distribuerte av Atlantic Records, som Crosby, Stills, Nash & Young hadde kontrakt med. Albumet nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista og selde til gullplate i USA.[2] Tre singlar vart gjevne ut frå albumet, «Carry Me,» «Take the Money and Run» og «Love Work Out». Berre den første av desse gjekk inn på lista, ein 52. plass på Billboard Hot 100-lista.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter sommarturneen i 1974 til Crosby, Stills, Nash & Young, prøvde kvartetten å spele inn eit nytt CSNY-album. Som forsøket deira i 1973 vart det aldri noko av, men songen «Through My Sails» kom ut i 1975 på albumet Zuma av Neil Young. Kvartetten gjekk så kvart til sitt og Young skipa ein ny versjon av Crazy Horse for å spele inn Zuma, og Stephen Stills tok opp att solokarrieren sin med eit nytt album tidleg i 1975. David Crosby og Graham Nash valde å slå seg saman att slik dei hadde gjort på turneane i 1971 og 1973 og på albumet Graham Nash David Crosby i 1972. Denne gongen signerte dei ein avtale for tre album på ABC Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Som på det første albumet deira, vart dei i hovudsak akkompagnert av ei gruppe studiomusikarar som kalla seg The Section. Denne kvartetten bestod av klaverspelaren Craig Doerge, gitaristen Danny Kortchmar, bassisten Leland Sklar og trommeslagaren Russell Kunkel, i tillegg til multiinstrumentalist David Lindley og bassisten Tim Drummond, som av Crosby vart kalla 'The Mighty Jitters' og som spelte med duoen både i studio og på scenen resten av tiåret. Albumet vart spelt inn i Rudy Recorders i San Francisco, og Sound Lab og Village Recorders i Los Angeles.

Crosby og Nash var no i midten av 30-åra og byrja å utforske mørkare tema i tekstane for dette albumet. «Carry Me» refererer til dødsfallet til mora til Crosby, medan «Wind on the Water» er ei klagande bøn som omhandla kvalfangst. Som vanleg var det òg songar om personlege konfliktar og vener: «Mama Lion» var visstnok om Joni Mitchell; «Cowboy of Dreams» om Young og «Take the Money and Run» handla dei økonomiske følgjene av den store CSNY-turneen i 1974.

To songar vart skrivne av Nash og Crosby i lag for første gongen.

Wind on the Water kom ut på CD 11. januar 2000 på MCA Records. Den 24. april 2001 vart albumet gjeve ut på ny som Bittersweet på det europeiske billigmerket Hallmark Records frå eit andregenerasjons masterlydband og berre gjeve ut i Europa. Kring 2002 vart albumet gjeve ut i Nederland under tittelen The Magic Collection: Crosby and Nash, på lavbudsjettsselskapet ABC Records, i serien «The Magic Collection». Ei vinylutgåve av albumet kom ut på Invisible Hands Music i august 2016.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Carry Me»David Crosby3:35
2.«Mama Lion»Graham Nash3:17
3.«Bittersweet»David Crosby2:39
4.«Take the Money and Run»Graham Nash3:23
5.«Naked in the Rain»David Crosby, Graham Nash2:27
6.«Love Work Out»Graham Nash4:45

Side to[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Low Down Payment»David Crosby4:54
2.«Cowboy of Dreams»Graham Nash3:30
3.«Homeward Through the Haze»David Crosby4:06
4.«Fieldworker»Graham Nash2:47
5.«To the Last Whale...» (A. Critical Mass B. Wind on the Water)David Crosby, Graham Nash5:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Crosbyvokal; elektrisk gitar på «Carry Me», «Mama Lion», «Love Work Out», «Low Down Payment», «Homeward Through the Haze» og «Fieldworker»; 12-strengsgitar på «Carry Me»; gitar på «Naked in the Rain»; piano på «Bittersweet»
  • Graham Nash — vokal; elektrisk gitar på «Mama Lion», «Low Down Payment» og «Cowboy of Dreams»; piano på «Love Work Out», «Fieldworker» og «To the Last Whale...»; orgel på «Homeward Through the Haze»; conga på «Naked in the Rain»
Andre medverkande
  • Craig Doergeelektrisk piano på «Bittersweet», «Naked in the Rain», «Low Down Payment», «Homeward Through the Haze» og «To the Last Whale...»; piano på «Carry Me», «Mama Lion», «Low Down Payment» og «Cowboy of Dreams»; orgel på «Love Work Out»
  • Carole King — orgel på «Bittersweet»; vokal, piano på «Homeward Through the Haze»
  • Stan Szelest — elektrisk piano på «Fieldworker»
  • David Lindleyslidegitar på «Mama Lion», «Take the Money and Run», «Naked in the Rain», «Love Work Out», «Low Down Payment» og «Fieldworker»; fele på «Take the Money and Run» og «Cowboy of Dreams»
  • Danny Kortchmar — elektrisk gitar på «Mama Lion», «Bittersweet», «Take the Money and Run», «Naked in the Rain», «Love Work Out» og «Low Down Payment»
  • Joel Bernstein — gitar på «Mama Lion» og «Naked in the Rain»; korvokal på «Cowboy of Dreams»
  • James Taylor — gitar på «Carry Me» og «To the Last Whale...»; korvokal på «To the Last Whale...»
  • Ben Keith — slidegitar på «Fieldworker»
  • Tim Drummondbass på «Mama Lion,» «Take the Money and Run», «Naked in the Rain», «Love Work Out», «Cowboy of Dreams» og «Fieldworker»
  • Leland Sklar — bass på «Carry Me», «Bittersweet», «Low Down Payment», «Homeward Through the Haze» og «To the Last Whale...»
  • Russell Kunkeltrommer på alle spor utanom «Fieldworker»; perkusjon på «Fieldworker»
  • Levon Helm — trommer på «Fieldworker»
  • Jackson Browne — korvokal på «Love Work Out»
  • Jimmie Haskellstrykearrangement på «Wind on the Water»
  • Sid Sharp — orkesterleiar på «Wind on the Water»
Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elias, Jason. Wind on the WaterAllmusic
  2. RIAA database henta 21. januar 2019
  3. Wind on the Water MCA 088 112 043-2, 2000 reissue, liner notes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]