Winston-Salem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Winston-Salem
by
none
Offisielt namn: City of Winston-Salem
Motto: Urbs Condita Adiuvando (A city founded on cooperation)
Kallenamn: City of Arts & Innovation, Twin City, Cigarette City, Camel City, Winston, The Dash, Tre 4
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Nord-Carolina
Fylke Forsyth County
Areal 346,3 km²
Folketal 229 617 (2010[1][2])
Tidssone Eastern (UTC-5)
Forsyth County North Carolina incorporated and unincorporated areas Winston-Salem highlighted.svg
Wikimedia Commons: Winston-Salem, North Carolina
Nettstad: www.cityofws.org

Winston-Salem er ein by i den amerikanske delstaten Nord-Carolina med eit folketal på rundt 230 000 (2010).[1][2]

Byen ligg nord i delstaten, rundt 70 km vest for Greensboro og rundt 45 km sør for grensa til Vest-Virginia.

Kart over Winston-Salem frå 1891.

Byen blei danna gjennom ei samanslåing av dei to nabobyane Winston og Salem i 1913. Denne nemninga var allereie blitt brukt av det amerikanske postvesenet frå 1880-åra. I 1920 hadde Winston-Salem eit folketal på 48 395, og var den største byen i Nord-Carolina.[3][4][5]

Tobakkselskapet R. J. Reynolds Tobacco Company og Reynolds-familien har hatt mykje å seia for utviklinga av byen. Selskapet blei skipa i 1875, og blei kjend for produkt som Prince Albert pipetobakk (1907) og Camel-sigarettar (1913).

I 1917 kjøpte selskapet 340 000 m2 land i byen og bygde 180 hus som det selde til arbeidarane sine for kostpris. Byggjefeltet blei kalla Reynoldstown.[6]

I 1929 stod skyskraparen Reynolds Building på 96 m ferdig.[7][8] Han hadde 21 etasjar, og husa hovudkvarteret til Reynolds-selskapet. Skyskrapren var den høgaste bygningen i USA sør for Baltimore i Maryland, og blei utnemnd til årets beste bygning av American Institute of Architects.[9] Bygningen var ein forløpar og prototyp for den mykje høgare Empire State Building som blei bygd i New York i 1931.[10][11]

På 1940-talet var 60 % av arbeidarane i Winston-Salem tilsette anten i ved Reynolds-fabrikken eller ved tekstilverksemda til Hanes.[6]

Andre større verksemder frå byen er T.W. Garner Foods, som byrja selja den landskjende chilisausen Texas Pete i 1929, og Krispy Kreme, som opna sitt første smultringutsal i byen i 1937.[12]

Han har fleire universitet og høgskular, som Wake Forest University, Winston-Salem State University, North Carolina School of the Arts og Salem Academy and College.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Archived copy». Arkivert frå originalen den 2016-04-17. https://www.webcitation.org/6gpGlyhlr?url=http://factfinder.census.gov/faces/tableservices/jsf/pages/productview.xhtml?src=bkmk. Henta 2015-08-08. 
  2. 2,0 2,1 «Durham Passes Winston-Salem as State's 4th Largest City». Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. 
  3. «Washington Park Historic District». http://www.livingplaces.com/NC/Forsyth_County/Winston-Salem_City/Washington_Park_Historic_District.html. Henta 2014-05-29. 
  4. Merger of Winston, Salem allowed seeds of industry to sprout, 2013-05-08, http://www.journalnow.com/news/local/article_c86ef7a8-b77d-11e2-b9c9-0019bb30f31a.html, henta 2014-05-29 
  5. Wellman, Manly Wade; Tise, Larry Edward (1976). Winston-Salem in History 8. Historic Winston. s. 5. 
  6. 6,0 6,1 Tursi, Frank (1994). Winston-Salem: A History. John F. Blair, publisher. s. 110–11, 183. ISBN 978-0-89587-115-2. 
  7. «Reynolds Building». emporis.com. http://www.emporis.com/en/wm/bu/?id=reynoldsbuilding-winstonsalem-nc-usa. Henta 2008-07-10. 
  8. Craver, Richard (2014-05-08), Panel OKs nomination of RJR building for register, http://www.journalnow.com/news/local/panel-oks-nomination-of-rjr-building-for-registry/article_fdb9f50e-3faf-52a5-afb0-95518d803e1f.html, henta 2014-05-09 
  9. Craver, Richard (2009-11-23), Home of RJR on the market, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2009-11-25, https://archive.is/20091125102727/http://www2.journalnow.com/content/2009/nov/23/home-of-rjr-on-the-market/news/, henta 2009-11-23 
  10. «Reynolds Building». http://www.allbusiness.com/construction/construction-buildings/167637-1.html. Henta 2008-09-18. 
  11. Covington, Owen (2012-01-05), A look at the historic Reynolds Building, http://www.bizjournals.com/triad/blog/2012/01/a-new-start-for-historic-rj-reynolds.html?page=all, henta 2014-05-30 
  12. [[[Krispy Kreme]] «Press Room Old»]. Krispy Kreme. Krispy Kreme. Henta 2018-04-04. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.