Winston Lagoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 53°9′S 73°39′E
Winston Lagoon
lagune
Land Flag of Australia.svg Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°9′S 73°39′E
Kerguelen-Location.JPG

Winston Lagoon er ein lagune på søraustkysten av Heardøya i det sørlege Indiahavet, kring 1 nautisk mil (1,9 km) nordaust for Cape Lockyer. Lagunen vart grovt skissertpå eit amerikansk kart frå 1860-åra. Han vart oppdaga frå lufta by løytnant Malcolm Smith i RAAF, pilot under ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) på eit sjøfly som var det første som rekognoserte øya frå lufta i 1948. Løytnant Smith føreslo å kalla han Lake Winston etter kona si. Etter at han omkom i ein flystyrt kort tid etter vart dette forslaget godkjend av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA), men det generiske leddet vart endra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Winston Lagoon» (innhald frå Geographic Names Information System).