Winston Reid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Winston Reid
West Ham's Winston Reid.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Winston Wiremu Reid
Fødd 3. juli 1988
Fødestad Auckland
Høgd 190 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Flag of England.svgWest Ham United
Nummer 2
Ungdomsklubbar
DanmarkSUB Sønderborg
DanmarkFC Midtjylland
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-2010
2010-
Danmark FC Midtjylland
Flag of England.svg West Ham United
84 (2)
3 (0)
Landslag
2007
2008
2008-2010
2010
Danmark Danmark U19
Danmark Danmark U20
Danmark Danmark U21
New Zealand New Zealand
4 (0)
1 (0)
10 (0)
8 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 12. oktober 2010

Winston Wiremu Reid (fødd 3. juli 1988) er ein dansk-newzealandsk fotballspelar som har spelt forsvar for West Ham United sidan 5. august 2010.

Reid vart fødd i North Shore ved Auckland av maori-foreldre. Som tiåring flytte han frå New Zealand til Danmark med mora og den danske stefaren hans. Her tok han etter kvart til med å spela fotball på fulltid, både for Sønderborg og Midtjylland. Då Reid fekk dansk statsborgarskap i 2006 vart han innkalla til det danske U19-landslaget. Han heldt fram med å spela for Danmark på U19-, U20- og U21-nivå fram til 2010, då han bestemte seg for å spela for landslaget til New Zealand. Han deltok i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika og skåra her sitt hittil einaste landslagsmål i ein kamp mot Slovakia som enda 1 - 1. Reid sitt mål kom i det nittitredje speleminuttet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Winston Reid.