Wir müssen durch viel Trübsal
BWV 146 Kantate av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1726 eller 1728 |
Urframføring | 12. mai 1726? |
Publiseringsdato | 1884 |
Typisk lengd | 35:43 |
Satsar/akter | 8 |
Wir müssen durch viel Trübsal in das Reich Gottes eingehen, BWV 146, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 eller 1728 for tredje sundag etter påske.
Både sinfoniaen og den første satsen i kantaten, «Wir müssen durch viel Trübsal», er knytt til Bachs Cembalokonsert i D-moll, BWV 1052 og vart kanskje omskrive frå ein tapt fiolinkonsert.
Teksten er henta frå Apostelgjerningane 14: 22 (andre sats) og Gregorius Richter (sats 8), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Werde munter, mein Gemüthe». Koralmelodien vart komponert av Johann Schop og kom først på trykk i hans Himlische Lieder (Drittes Zehn) i Lüneburg i 1642.
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for tverrfløyte, engelsk horn, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av åtte satsar:
- Sinfonia i D-moll
- «Wir müssen durch viel Trübsal in das Reich Gottes eingehen», Koral
- «Ich will nach dem Himmel zu», Arie for alt
- «Ach! wer doch schon in Himmel wär», Resitativ for sopran
- «Ich säe meine Zähren», Arie for sopran
- «Ich bin bereit mein Kreuz geduldig zu ertragen», Resitativ for tenor
- «Wie will ich mich freuen, wie will ich mich laben», Duett for tenor & bass
- «Ach, ich habe schon erblicket», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Wir müssen durch viel Trübsal in das Reich Gottes eingehen». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV 146 på bach-cantatas.com