Witenwasserenstock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Witenwasserenstock
fjell
Witenwasserenstock
Land  Sveits
Del av Q19284304, Watershed between the Adriatic Sea and the North Sea
Fjellkjede Dei lepontinske Alpane
Koordinatar 46°31′42″N 8°28′27″E / 46.52833°N 8.47417°E / 46.52833; 8.47417
Høgd 3 082 m
Kart
Witenwasserenstock
46°31′43″N 8°28′25″E / 46.52854°N 8.473479°E / 46.52854; 8.473479
Wikimedia Commons: Witenwasserenstock

Witenwasserenstock er eit 3 082 meter høgt fjell i Sankt Gotthard-massivet i Dei lepontinske Alpane i Sveits. Fjellet har namn etter dalen Witenwasseren som ligg nordaust for toppen, i kantonen Graubünden. På vestsida ligg dalen Geretal i kantonen Uri.

Fjellet dannar vasskilje mellom tre av dei største nedslagfelta i Europa, høvesvis Nordsjøen, Middelhavet og Adriahavet. Witenwasserenstock ligg mellom Furkapasset, Nufenenpasset og St. Gotthard-passet.

Nedbøren som fell på nordsida av Witenwasserenstock renn via elvane Reuss og Rhinen mot Nordsjøen. Nedbøren som fell på vestsida hamnar via Rhône i Middelhavet. På austsida av Witenwasserenstock renn vatnet via Ticino-elva, innsjøen Lago Maggiore og elva Po til Adriahavet. Nedbøren som renn mot Nordsjøen renn lengst, 670 km, nedbøren som renn ut i Adriahavet reiser kortast, 360 km.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]