With All My Might av Sparks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
With All My Might
Singel av Sparks
frå albumet Pulling Rabbits Out of a Hat
B-side

Sparks in the Dark

Utgjeve 1984
Lengd 3:40
Selskap Atlantic.
Låtskrivar(ar)
Produsent Ian Little
Sparks-kronologi 
«Please Baby, Please»
(1983)
With All My Might «Progress»
(1984)


«With All My Might» er ein song av den amerikanske rockeduoen Sparks, som kom ut i 1984 som den første singelen frå det trettande studioalbumet deira, Pulling Rabbits Out of a Hat. Songen vart skriven av Ron Mael og Russell Mael, og produsert av Ian Little. «With All My Might» klarte ikkje å nå Billboard Hot 100, men nådde 104. plassen (eller fjerdeplassen) på Bubbling Under the Hot 100-lista.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«With All My Might» var eit forsøk frå Sparks om å skrive ein radiovenleg song som mange kom til å like. I eit intervju i 1990 med Ira Robbins, sa Russell Mael om songen «Me tenkte at denne kunne selje verkeleg godt, men av ein eller annan grunn vart han ikkje mykje spelt. SJølv stasjonar som brukte å støtte oss tenkte at han var for lett. Denne eine gongen i karrieren vår prøvde Ron å gjere ein song akseptabel for den amerikanske marknaden – å vera altfor smarte og prøva å gjera han verkeleg velsmakande.» Ron Mael la til: «Me ønskte å laga ein song som fjerna all ironien og berre var ein song. Eg liker det veldig godt, men folk ser etter motivet bak det og då kan me ikkje bli aksepterte. Folk ventar på poenget, og det er ingen.»[2]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til songen vart regissert av Graeme Whifler og syner Sparks som cowboyar. Før «With All My Might» vart vald ut som den første singelen på albumet, hadde Mael-brørne alt bestemd seg for at den neste videoen deira skulle ha med hesteriding, uansett kva song de var. Whifler sa til The Los Angeles Times i 1984 om filminga: «Me filma karane på hestar, fuglar som fauk forbi og blåscenen føre ein blåskjerm og så filma me dei målte kulissane seinare, så det er i røynda to filmar redigert saman.» Han sa «Me brukte òg ei snorkellense, som funksjonerte som eit periskop, som gjer at du kan føre kameraet heilt ned til til miniatyrsettet du vil filme frå.»[3] I 1990 sa Russell Mael «Det var ein verkeleg fin video, ein fantasy-western der me rockar på to verkeleg falske hestar. Det var ein motvekt til det seriøse i songen.»[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Då singelen kom ut skildra Billboard songen som «desidert loopy midtempopop».[4] Cash Box skreiv «Med karakteristisk Sparks-intensitet, smører brørne det melodiske på 'With All My Might,' og blandar ein flytande harmonivokal med ein tung perkusjon. Den atonalt, kvasse vokalen til Russell Mael er i toppform og ladar denne melodien med livlegheit.»[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7–tommar singel[6]
  1. «With All My Might» – 3:41
  2. «Sparks in the Dark» – 3:52
7–tommar singel (US promo)[7]
  1. «With All My Might» – 3:41
  2. «With All My Might» – 3:41
12–tommar singel (US promo)[8]
  1. «With All My Might» – 3:41
  2. «With All My Might» – 3:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Sparks[6][9]

Andre medverkande

Produksjon

  • Ian Little – produsent
  • Steve Bates – lydteknikar

Andre

  • Jim Shea – fotografi
  • Larry Vigon – design

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
US Billboard Bubbling Under the Hot 100[1] 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Bubbling Under the Hot 100» (PDF). Billboard: 65. 28. juli 1984. Henta 27. april 2022 – via World Radio History. 
  2. 2,0 2,1 Robins, Ira. «Sparks, 1975 + 1990». Trouser Press. Henta 27. april 2022. 
  3. Goldstein, Patrick (12. august 1984). «Pop Eye - Videorgy». The Los Angeles Times. s. 71. 
  4. «Billboard Singles Reviews» (PDF). Billboard: 60. 14. juli 1984. Henta 27. april 2022 – via World Radio History. 
  5. «Reviews - Singles» (PDF). Cash Box 47 (8): 7. 28. juli 1984. Henta 27. april 2022 – via World Radio History. 
  6. 6,0 6,1 With All My Might (US 7-inch single sleeve). Sparks. Atlantic Records. 1984. 7-89645. 
  7. With All My Might (US 7-inch promo single). Sparks. Atlantic Records. 1984. 7-89645. 
  8. With All My Might (US 12-inch promo single). Sparks. Atlantic Records. 1984. PR 617. 
  9. Pulling Rabbits Out of a Hat (US vinyl LP liner notes). Sparks. Atlantic Records. 1984. 7 80160-1, 80160-1.