With God on Our Side

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
With God on Our Side
Song av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 7. august 1963
Sjanger Vise
Lengd 7:08
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«With God on Our Side» er ein song av Bob Dylan, gjeve ut som det tredje sporet på albumet hans The Times They Are A-Changin' i 1964. Dylan framførte først songen på den første konserten sin i The Town Hall i New York City den 12. april 1963. Dylan har berre sjeldan sungen denne songen på konsertar.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

I've learned to hate the Russians
All through my whole life
If another war comes
It's them we must fight
To hate them and fear them
To run and to hide
And accept it all bravely
With God on my side

Bob Dylan (1964)

Teksten omhandlar tendensane i nasjonane, stammene, eller samfunna som meiner at Gud alltid vil ta deira side og motsette seg dei som er usamde med dei, og dermed ikkje stiller moralske spørsmål om krigane som vert utkjempa og vondskapen som vert utført i landet deira. Dylan nemner fleire historiske hendingar, som massakrane mot dei amerikanske indianarane på 1800-talet, den spansk-amerikanske krigen, den amerikanske borgarkrigen, første og andre verdskrigen, Holocaust, den kalde krigen og sviket til Judas Iskariot av Jesus. Songen nemner ikkje Vietnamkrigen eksplisitt før konsertutgåver i 1980-åra, då Dylan la til eit ekstra vers som gjekk slik:

«

In the nineteen-sixties came the Vietnam War
Can somebody tell me what we're fightin' for?
So many young men died
So many mothers cried
Now I ask the question
Was God on our side?

»

Kontroversar om melodien[endre | endre wikiteksten]

Melodien til «With God on Our Side» er i røynda identisk til den tradisjonelle irske folkevisa «The Merry Month of May», som òg vart nytta av Dominic Behan på songen hans «The Patriot Game». Opningsverset er òg liknande på andreverset il Behan-songen, der forteljaren fortel namnet sitt og kor gamal han er. Behan kritiserte Dylan offentleg for å hevde at melodien var ein original komposisjon.[1] Behan meinte derfor at ein måtte stille spørsmålsteikn ved alle songane til Dylan. Behan gjorde ofte det same som Dylan, der han lånte ein melodi han skreiv ny tekst til.[2]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Dylan og Joan Baez framførte songen som ein duett på Newport Folk Festival i juli 1963 og juli 1964, og eit opptak frå 27. juli 1963 kom ut på Newport Broadside: Topical Songs at the Newport Folk Festival 1963 (Vanguard VSD-79144). I omslaget skriv Stacy Williams om Dominic Behan sin «Patriot Game», som Williams påpeiker at Behan lånte frå den tradisjonelle «The Merry Month of May». Eit anna konsertopptak av Dylan og Baez som framfører «With God on Our Side», frå 31. oktober 1964, finst på albumet The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall, gjeve ut i 2004.

Dylan si framføring av songen på albumet Bob Dylan Unplugged, frå 1995, har ikkje med versa om tyskarane og Holocaust eller russarane og den kalde krigen.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shelton, Robert (1986). No Direction Home: The Life and Music of Bob Dylan. New York: Beech Tree Books. s. 213. ISBN 0-688-05045-X. 
  2. Wilentz, Sean (2010). Bob Dylan in America. New York: Doubleday. s. 70. ISBN 9780385529884.