Witold Gombrowicz
Witold Gombrowicz | |
![]() Witold Gombrowicz. Passfoto frå 1939. | |
Fødd | 4. august 1904 Małoszyce |
Død | |
Yrke | skribent, skodespelforfattar, romanforfattar, dagbokskrivar, diktarjurist, essayist, jurist |
Witold Gombrowicz på Commons |
Witold Marian Gombrowicz (fødd 4. august 1904 i Małoszyce nær Kielce, daud 24. juli 1969 i Vence) var ein polsk forfattar, kulturkritikar og dramatikar. Han studerte jus og fransk litteratur på universitetet i Warszawa frå 1926 til 1932. I 1937 publiserte han sin første roman Ferdydurke. Gombrowicz reiste til Argentina før andre verdskrigen braut ut. Han vart kjent først seint i livet, men er no mellom dei viktigaste namna innanfor polsk litteratur. Etter 20 år i Sør-Amerika kom han attende til Europa, men såg aldri fødelandet att.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Grimstad, K.A.: Witold Gombrowicz - Kva ville han med livet? Dag og Tid, 18.januar 2013, s.25.
