Witten
| Witten | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
| Region | Arnsberg | ||
| Landkreis | Ennepe-Ruhr-Kreis | ||
| Høgd | 104 m | ||
| Areal | 72,4 km² | ||
| Folketal | 95 724 (31. desember 2023)[1] | ||
| Først nemnd i | 1214 | ||
| Postnummer | 58401-58456 | ||
| Retningsnummer | 02302 | ||
| Bilnummer | EN | ||
![]() Witten 51°26′00″N 7°20′00″E / 51.433333333333°N 7.3333333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Witten | |||
Witten er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar. Witten/Herdecke Universitet, det første private universitetet i Tyskland, ligg i byen.
Witten ligg i Ruhrdalen sør i Ruhrområdet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Witten vart først nemnd i 1214, men bydelen Herbede (som vart ein del av byen i 1975) går heilt tilbake til 851. Byen vart ein gruveby frå 1578. I 1975 vart Witten ein del av Ennepe-Ruhr-Kreis og er i dag den største byen her. 1975 var òg første året Witten fekk meir enn 100 000 innbyggjarar, grensa for ein storby (Großstadt) i Tyskland.
Seint på 1800-talet vart Witten kjend for Roburit-dynamitten. Denne dynamitten vart ein gong nytta i kolgruver over heile verda. I 1906 oppstod det derimot ein eksplosjon i fabrikken og 41 menneske omkom.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Witten» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2007.
